Motörhead utsetter turnéen

Heile Europa-turnéen til Motörhead blir flytta til over nyttår, grunna den skrantande helsa til Lemmy.

Den triste beskjeden kom i form av eit personleg brev frå frontmann og rockelegende, Lemmy Kilmister sjølv. Brevet kan du lesa i botnen av saka.

Etter planen skulle Motörhead reisa på turné gjennom Europa mot slutten av året, der det mellom anna var planlagd eit Noregsbesøk 8. desember. No blir turnéen utsett til tidleg 2014.

Konserten skulle vera på Sentrum Scene, og Rockefeller beklagar det som har skjedd. Dei forsikrar at kjøpte billettar til konserten vil vera gyldige når ein ny dato er klar.

Ikkje heilt klar

Lemmy og Motörhead har holdt det gåande lenge. Her frå Bergen i fjor. (Foto: Christian Misje/NRKP3)
Lemmy og Motörhead har holdt det gåande lenge. Her frå Bergen i fjor. (Foto: Christian Misje/NRKP3)

I brevet frå Lemmy står det at han ikkje føler helsa er god nok til å reisa ut på turné no, og at dette skuffar han enormt. Her legg han og til at det ville skuffa han endå meir å måtte avlysa halvveges, eller levera dårlege konsertar.

Lemmy er kjend som ein av dei hardaste på både narkotika og alkohol innan rock n’ roll. Utifrå brevet han skriv, kan det sjå ut til at han vil endra litt på dette.

– Slapp av. Eg har skal ikkje byrja å promotera veganisme og alkoholfrie drinkar, men det er riktig å sei at eg har byrja å revurdera deler av livet mitt for å sikra at eg kan komma tilbake sterkare.

Diamant-lever

Programleiar for Pyro på P3, Totto Mjelde, er ikkje veldig overraska over at Lemmy og Motörhead no vel å ta det litt roleg.

– Eg var eigentleg mest overraska over kor raskt dei var villig til å legga ut på turné att etter sjukdomsproblema til Lemmy. Det har sjølvsagt samanheng med det ferske albumet, men alt burde nok utsetjast til ein var 100% sikker på at dei tøffaste i rocken ville tåla ein runde med reising og rocking, seier Mjelde.

Han legg til at det er heilt utruleg at dette ikkje har skjedd tidlegare, når ein ser på livet Lemmy har levd. 

Totto Mjelde frå Pyro trur dette kan vera starten på ein ny livsstil for Lemmy
Totto Mjelde frå Pyro trur dette kan vera starten på ein ny livsstil for Lemmy (Foto: NRKP3)

– Eg held på å døy etter to fest-kveldar på rad, men organa til Lemmy er heilt tydeleg bygd av diamant.

Trass i at Lemmy er ganske hardbarka, trur Totto Mjelde at ei endring er på veg no.

– Eg er ganske sikker på at Lemmy har skjønt alvoret og at eit noko sunnare liv allereie har starta. Det virkar som om desse problema er ganske alvorlege, så eg vil tru dei kuttar ned på turneringa, om dei i det heile kan turnera igjen.

Les heile brevet til Lemmy her:

«I have to sadly let you know that Motörhead has had to postpone the forthcoming European tour until early next year, 2014.

We have made the decision because I am not quite ready to hit the road yet, and am working my way back to full fitness and rude health. Don’t worry – I’m not about to start promoting veganism and alcohol-free beverages, but it is fair to say that I personally have been reconfiguring areas of my life to make sure I can come back fitter and stronger than ever.

It disappointed me tremendously to have to say I wasn’t quite ready to hit the road yet, but not nearly as much as it would’ve disappointed me to go out, play some average shows and watch my health give way long before the tour was over! When people come to see a Motörhead tour, they expect a Motörhead show, and that is exactly what you will get as soon as I am fit and ready to rumble.

Your patience and understanding is appreciated…and know that I’m getting stronger and stronger every day, so watch out next spring Europe and we will see you then.

Thank you all,

Lemmy»