Motorpsycho på Pstereo

Trøndarane framfører heile Blissard på heimebane i august.

17. august er datoen for Motorpsycho-konserten på Pstereo i Trondheim. Det eksperimentelle bandet har spelt på festivalen fleire gonger før, seinast i 2009.

Motorpsycho framfører heile Blissard på Pstereo
Motorpsycho framfører heile Blissard på Pstereo

Motorpsycho har alltid eksperimentert med musikken sin, og det same gjeld på Blissard.

Albumet som kom i 1996 er ein favoritt hjå mange, samstundes som Blissard ofte er betrakta som det «trygge» alternativet. Uansett havna Blissard på 25. plass på Morgenbladet si liste over tidenes beste norske album.

Høyr plata i Wimp: Motorpsycho – Blissard

– Medan nokon vil sei at albumet er for lett samanlikna med forgjengarane, vil andre meina at Blissard er blant deira meist eksperimentelle album, heiter det i pressemeldinga frå Pstereo.

Les meir om Motorpsycho hjå p3.no/musikk

Erfaren gjeng

Dette er ikkje første gong Motorpsycho har spelt konsertar med heile album frå start til slutt. PSeinast i fjor vår var dei på turné med Ståle Storløkken for å framføra si siste plate, The Death Defying Unicorn.

Følg Motorpsycho på turnéen:

 

Nytt i april

12. april kjem Motorpsycho sitt neste album, Still Life With Eggplant.  Plata legg seg inn i ei lang rekke frå Motorpsycho, som har vore aktive sidan 1989 og vunne fire Spellemannsprisar.

Historien om Blissard vart til ei bok – les saka