Næraste konkurrent er TV-seriane, med sine 56 millionar nedlasta episodar. Tala er samla inn av Ofcom, ei britisk statistikkside for mediebedrifter, som samla inn tal for tredje kvartal i 2012. Undersøkinga viser og at kvar tiande Internett-brukar har lasta ned musikk ulovleg på eit tidspunkt, melder MusicWeek. Ofcom-undersøkinga er den andre av sitt slag, som overvåker 5500 nettbrukarar i Storbritannia.
Nedover havnar filmar med sine 44 millionar, TV-spel med 35 millionar, 28 millionar programvare og 8 millionar bøker.
Les meir: Nedlasting og fildeling
Ivrige britar
Undersøkinga konkluderer med at musikk er det mest nedlasta mediet basert på filtal. Likevel er ikkje tala så ujamne, om ein reknar musikken i nedlasta album. Då hamnar tala ein stad rundt 30 millionar nedlasta album i perioden.
Likevel er pirataktiviteten hjå britane høg.
I fjor haust kom ei anna undersøking som plasserte Storbritannia på andreplass over dei mest aktive landa innan ulovleg nedlasting. Med Manchester i spissen, var det berre USA som kunne overgå britane i ulovleg nedlasting, skriv The Telegraph. Avisa skriv vidare at nedlastinga ville tilsvara over 500 millionar pund i butikksal.
Den same undersøkinga som The Telegraph baserte seg på, plasserte og Norge på ein 25. plass over piratverstingane, noko P3 og skreiv om i fjor haust.