Nekta å spela

Dreamon nekta å spela coverlåta han hadde planlagd – heilt utan forvarsel – då han var gjest hjå Christine måndag. Grunnen var Gunnar Greve Pettersen.

Måndag var Dreamon gjest hjå Christine på P3, og som dei aller fleste gjestene framførte han ein av sine låter live.

Etter planen skulle han og gjera ein cover av Justin Timberlake – det skjedde aldri.

– Eg følte ikkje det var riktig etter det som skjedde, sa Dreamon sjølv om avgjersla.

Høyr kva som skjedde her:

Dreamon hos Christine del 1 Dreamon nektar å spela coverlåt

 

Dreamon hos Christine del 2 Dreamon nektar å spela coverlåt del 2

 

Dreamon hos Christine del 3 Dreamon snakkar ut med Gunnar Greve

Låtpanelet

Det Dreamon reagerer så sterkt på er låtpanelet til Christine frå sist fredag.

Gunnar Greve Pettersen, Idol-dommar og hip hop-manager, skulle gi sine uhøgtidelege synspunkt om dei viktigaste låtene gjennom veka.

Høyr heile sendinga her!

Ein av låtene var Dreamon sin nyaste singel, «We On». Dette var ei låt som ikkje falt i smak hjå Gunnar Greve, og han omtala blant anna låta som «det mest keisame sidan førre Dreamon-singel» og enda med å gi eit knust hjarte.

– Eg tykkjer det er respektlaust

Hjartet tilsvara eitt av ti hjerter, som er nytta som den uhøgtidelege valutaen i Christine sitt låtpanel kvar fredag.

Nekta å spela

Måndag kom svaret frå Dreamon. Etter å ha framført si eiga låt, «Do You Want More», var planen at han skulle gjera sin versjon av Justin Timberlake sin «TKO».

– Eg tykkjer det er respektlaust at han får snakka så lenge ut om kor dårleg han tykkjer alt eg gjer er, seier ein tydeleg opprørt Dreamon. – Det gjorde at eg rett og slett ikkje såg fram til å komma hit og gjera ein cover, held han fram.

Oslo-rapparen har tidlegare vore i «beef» med ein av Gunnar Greve sine klientar, Kaveh, som reagerer slik på Twitter:

 

Sjølv seier Dreamon at han og Kaveh har skværa opp for lenge sida, og at alt er bra.

– Det er det som er artig, eg har aldri hatt ein beef med Kaveh. Eg sa aldri noko, og dette er lenge sidan.

Gunnar Greve Pettersen var gjest i låtpanelet til Christine førre fredag, og likte ikkje Dreamon sin siste singel  (Foto: Ida Bendiksen Skovold/NRKP3)
Gunnar Greve Pettersen var gjest i låtpanelet til Christine førre fredag, og likte ikkje Dreamon sin siste singel (Foto: Ida Bendiksen Skovold/NRKP3)

Men Gunnar Greve hadde han ikkje skværa opp med heilt endå.

Gunnar Greve svarar

Christine ringde til Gunnar Greve Pettersen sjølv, for å lata han og Dreamon snakka ut på lufta.

– Kva skjedde med den kvelden me sat i studioet til Tommy Tee, og du sa du hadde trua på meg, seier Dreamon til Gunnar Greve.

– Eg tykkjer musikken din har tatt ein ganske anna retning sidan den gong enn det eg hadde trudd og håpa. For min del er det ei personleg meining. Eg diggar ikkje det du driv med, enkelt og greit, er svaret frå Gunnar Greve, som elles ikkje hadde mykje han ville tilføya.

Høyr heile samtalen mellom Dreamon og Gunnar Greve her:

Dreamon og Gunnar Greve snakkar ut Gunnar Greve får svara Dreamon på direkten

Her kan du og sjå video av låta Dreamon faktisk spelte: