– One Direction er berre fem null

Kasabian-vokalisten gjekk til verbalt angrep på det prisvinnande boybandet under årets NME Awards.

Kasabians Tom Meighan er ikkje fan av boyband-musikk. One Direction fekk verkeleg gjennomgå då han fekk snakke fritt frå den raude lauparen.

Berre eit produkt

Kasabian hadde ein bra kveld og stakk av med fleire prisar under årets prisutdeliga. Det stoppa ikkje vokalisten frå å lange ut mot hjarteknusarane i One Direction. Eit band som tydelegvis representerar det Meighan ikkje tåler i musikkbransjen.

– One Direction er jævla millionærar, men dei er berre fem null som har vunne i lotto. Dei er kjempestore, men berre eit produkt. Det er ikkje vi, seier Meighan til The Sun.

– Dei er som sjampo. Du kjøper det for å vaske håret, så berre skyller du det ut når du er ferdig.

(Artikkelen held fram under biletet)

One Direction. Frå venstre: Liam Payne, Louis Tomlinson, Zayn Malik, Niall Horan, Harry Styles
One Direction. Frå venstre: Liam Payne, Louis Tomlinson, Zayn Malik, Niall Horan og Harry Styles. (Foto: Matt Sayles Invision/AP) 

Meighan er sikker på at boybandet ikkje kjem til å vare lenge, og at dei snart kjem til å gå i den klassiske bandfella:

– Dei kjem til å krangle, bli uvenar og ta alt for mykje dop. Så kjem dei til å bryte opp frå kvarandre.

Oversett av Brit Awards

Sjølv om Kasabian vant både “Best British Band” og “Best Album” under NME Awards blir dei fullstendig oversett av Brit Awards.

Kasabian er ikkje nominert til nokon av prisane som skal delast ut den 25. februar. One Direction har derimot sikra seg fleire nominasjonar.

– Eg bryr meg ikkje om prisar. Eg starta eit band for å lage musikk og få eit publikum. Det er alt som betyr noko, fortel Meighan.