Paintball med Tyler

Tyler The Creator frå rap-kollektivet Odd Future inviterer på paintball i London, same dag som han fekk nøkkel til byen Colorado City.

Den noko spesielle pris-seremonien var ein del av promoteringsrunden til Tyler The Creator for den kommande plata Wolf, som kjem ut 2. april.

Tyler The Creator kjem plata Wolf 2. april.
Tyler The Creator kjem med plata Wolf 2. april.

Heile opplegget er oppspinn og vissvass, men kreativ og artig marknadsføring frå Tyler The Creator.

I den vetle byen Boulder, Colorado hadde Tyler med følge møtt opp, saman med ei stor gruppe ivrige fans med Odd Future-merchandise på kroppen. Boulder er heimbyen til Tyler The Creator, og heile følget reiser rundt i gatene med korpsmusikk og dans, før ein ordførar-karakter gir nøkkelen til rap-stjerna.

Filmen blir avslutta med mørkare scener, der polititroppar arresterar tilsynelatande uskuldege fans. Til slutt kjem beskjeden «To be continued…», og datoen for utgjevinga av Wolf.

Sjå heile det merkelege opplegget her:

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=-lwM1f3UQMg]

Eit slags intervju

Markeringa er ikkje det einaste PR-stuntet frå Tyler The Creator. Han inviterer og til ein runde paintball i London, via nettsida Noisey.

Du kan delta i konkurransen her.

Odd Future, med Tyler i spissen, var på Øyafestivalen i fjor. Vår reporter fekk eit intervju – eller eit slags intervju.
Sjå videoen her: