Peder Kjøs tipsar: Korleis møte mørketida?

– Så mykje prat om haustdepresjon gjer at ein nesten byrjar å forvente det, fortel psykolog Peder Kjøs i «Christine» i P3.

Hausten markerer slutten for den lyse, varme sommar-årstida. Ei tid mange forbind med ferie, avkopling, varme, og kanskje ein liten sommarflørt. Hausten er derimot den tida på året når kulda og mørket sakte, men sikkert melder sin ankomst. På denne tida blir også opptil ti prosent av Noregs befolkning ramma av haustdepresjon.

– Så mykje prat om haustdepresjon gjer at ein nesten byrjar å forvente det, fortel psykolog Peder Kjøs til Christine Dancke.

Mange føler seg ekstra nedstemte og triste på hausten, men både Peder og Christine elskar denne årstida svært høgt.

– Eg synest hausten er deilig, og føler meg generelt meir oppstemt enn eg for eksempel gjer om våren, seier Peder, medan Christine nikkar bekreftande.

Sidan P3-Christine er sopass glad i hausten passa det derfor fint å arrangere ei sending fullpakka med nydeleg livemusikk og gjestar, for å feire at hausten endeleg er her.

Heile radiosendinga kan gjenopplevast her. Nedst i saka finn du alle live-framføringane frå sendinga. Er ikkje det nok til å løfte den tunge haust-lufta finn du eit par tips til å komme deg gjennom det under.❤️

Tips frå Peder til korleis møte mørketida:
?Har du ein mistanke om vitaminmangel,
ikkje gå rundt og tenk på det, men sjekk opp i det.
?Held fram å leve som normalt.
?Hold deg aktiv – det er viktig å ikkje bli sitjande inne for mykje.
?Finn noko nytt å engasjere deg i!
?Gå deg ein tur. Helst dagleg.

Matilda, Hanne Mjøen og Emelie Hollow spela alle live under Christine Dancke si haustsending. (FOTO: Sofie Holthedal / NRK P3)

?Matilda – Her Too?

?Matilda – Lover (Taylor Swift-cover)?

https://www.youtube.com/watch?v=zw_1_YDXMr0

?Hanne Mjøen – Strangers

https://www.youtube.com/watch?v=S6A1Uorpqjo

?Hanne Mjøen – I Like Me Better (Lauv-cover)?

?Emelie Hollow – He?

?Emelie Hollow – Hear It Out Loud?

https://www.youtube.com/watch?v=LqHN94mmE0Q

?Emelie Hollow – Hallo (Isah & Dutty Dior-cover)?

https://www.youtube.com/watch?v=-aITVH1X5vQ