Roky Erickson til Norge

Psychedelia-legenda Rocky Erickson spelar fire konsertar i Norge i vår. I tillegg kjem både Elvis Costello og Kurt Vile til Bergen.

Roky Erickson kjem til Bergen (Foto: Promo)
Roky Erickson kjem til Bergen (Foto: Promo)

Rocky Erickson leda i mange år psychedelia-gruppa 13th Floor Elevators, og levde eit rockeliv prega av marijuana og LSD. Då han vart tatt med narkotika, erklærte han seg sinnsjuk og hamna på sinnsjukehus. Då han kom ut i 1973 var han ikkje den same. Han hadde fått diagnosen schizofreni, og hadde gått gjennom tung og brutal behandling.

Etter mange år vekke frå alt søkelys, dukka han opp att for nokre år sidan.

Sidan då har han spelt både på Øyafestivalen i 2007, og på Buktafestivalen i 2009.

No kjem han til Norge –tre datoar er klare i Norge. Først ut er Rockefeller i Oslo 10. mai

Seinare får Haugesund besøk 11. mai, og tysdag 13. mai skal han stå på Ole Bulls Scene i Bergen. Miniturnéen blir avslutta i Trondheim 15. mai, på Byscenen.

Skurkar og løgnarar

Roky Erickson er ikkje den einaste eksentriske rockelegenda som kjem til Bergen i løpet av våren og sommaren. 3. august er Elvis Costello klar for bergensarane, og spelar på USF Verftet med The Impostors. Dette blir mest truleg einaste moglegheit til å sjå Costello i Sør-Norge i år, og konsertstaden Bergen Live freistar med ei intim oppleving i august. Costello spelar og på Olavsfestdagane i Trondheim 31. juli.

Sjå Elvis Costello spela «Radio Radio» i 1978. Artikkelen held fram under.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=oOWwN3T2xkc&w=741&h=417]

Les meir om Elvis Costello på p3.no/musikk

I starten av juni kan vestlandsbyen venta besøk frå Kurt Vile.

Garage i Bergen skal setja opp scene for Kurt Vile & The Violators 1. juni. Kurt Vile har blitt kjend i undergrunnen over fleire år for den sjelfulle folkemusikken sin, og i løpet av våren kjem ei ny plate frå Kurt Vile. Sjølv samanliknar han plata med Tusk av Fleetwood Mac, men mindre cheesy. (Høyr Fleetwood Mac-plata i Spotify)

 

Kurt VIle & The Violators (Foto: Promo)
Kurt VIle & The Violators (Foto: Promo)