Rosa fusjonsmagi

MÅNADENS URØRT: Det heile starta med fire musikkstudenter som jamma saman. I dag har Mall Girl stått på fleire av Noreg sine største festivalscene.

Dansbar indie, pop, discofunk med 80-tallspreg, rock og gladpunk; Mall Girl breiar seg i alle desse sjangrane. Og ut kjem ei sky av rosa fusjonsmagi, som til saman utgjer «Månadens Urørt».

– Nokon i bandet liker indiemusikk, nokon jazz, andre soul. Eskild på bass diggar støymusikk. Vi er veldig heldige sånn sett, det gjer det gøy å jobbe saman musikalsk. Til saman blir vi Mall Girl, seier vokalisten, Bethany.

I mange år har vi i P3 kåra «Ukas Urørt». No går vi over til «Månadens Urørt» i staden. Dermed får artistane ein heil månad med merksemd.❤️

Mall Girl starta opp i 2017, og har innen kort tid stått på nokre av dei største festivalscenene i Noreg. Foto: Hilde Tunge og Ingrid H. Kvamstø.

Frå jamming til festivalscene

Bandet starta opp noko tilfeldig. Bethany blei beden med på ein «jamme-session» i oktober i 2017, kor Veslemøy på trommer, Eskild på bass og Iver på gitar allereie hadde etablert ei gruppe. Og berre eit halvvår seinare skulle dei stå saman på scena under festivalen Serendip som det rosakledde bandet Mall Girl.

Urørt meiner:

Fengjande gitarriff og eit energisk refreng som treff med stor kraft! Låta «Slay Queen» lever opp til låtnavnet sine forventningar. Med fleire inspirasjonskilde frå alt frå 80-talls pop til støymusikk, leverer Mall Girl indiepop/rock med særpreg!

Å bli Månadens Urørt med låta Slay Queen var ikkje forventa, men utruleg gøy, synast bandet. Låta blei nemleg lasta opp på Urørt allereie 26. april 2018.

Låta er ei oppfordring til lyttaren, og ein låt som skal gi energi og håp, fortel Bethany.

– Låta handlar om at sjølv om ein kanskje set seg litt fast i livet, så er det viktig å hugse si indre «Slay Queen».

Rosa kontrastar

Urørt-låta står i noko kontrast til bandets rosa klede og stil. Men det er også meininga, seier bandet. Den rosa fargen var noko av det fyrste som blei bestemt. Bandet ynskja nemleg å finne ein utsjånad som «kræsja» litt med korleis musikken deira låt.

– Sidan har stilen vorte inspirert av musikken, og musikken av stilen, seier Bethany.

2018 var eit hektisk år for bandet, med blant anna konsertar på Øyafestivalen, Livestock og Oslo Jazzfestival. Og bandet kan fortelje at 2019 har meir spanande i vente.

– Vi er i studio og speler inn ein EP for tida. Og så skal vi spele på Trondheim Calling 31. januar, og så er det by:Larm. Vi elskar å spele live. Alle skal føle seg fulle av glede og energi. Vi håper alle kicker på det – det gjer vi.

Urørt byrjar no med «Månadens Urørt», men det betyr ikkje at færre artistar skal lyftast fram. På Urørt sine eigne sider, på radio og på nett kjem vi jamnleg til å trekkje fram ei rekke artistar i mange ulike sjangrar, i tillegg til dei månadlege.

Høyr kva Mall Girl høyrar på her!