– Sikkert ein av dei tre beste låtane hans

Lot du deg også lure av Kygo-låta vår?

Tidlegare i dag skreiv me følgjande om den ferske låta til Kygo:

«Bergenseren har gjort det tropiske til sitt varemerke og tar i bruk fyldig saksofonklang på sin nyeste singel.»

Men no må me altså tilstå noko: dette er ikkje den ferske låta til Kygo. Denne låta er det vår eigen Christer Johan Pettersen-Dahl som har laga – på 53 minutt.

Dersom du er ein av dei som lot deg lure av den lille aprilspøken vår i dag, kan du trøste deg med at du ikkje er aleine. Me tok nemleg låta med oss ut på gata, og lot folk høyre den der.

Sjå korleis det gjekk i videoen i videoen øverst i saken.

Høyr heile låta her.

Kygo i Oslo Spektrum, Oslo 2014. Foto: Kim Erlandsen, NRK
Kygo i Oslo Spektrum, Oslo 2014. Foto: Kim Erlandsen, NRK