Kvelertak med hubromaske

Albumaktuelle Kvelertak gjort ein image-vri. Vokalist Erlend har fått ei splitter ny maske til å bruke på scena – av ein utstoppa hubro.

Den utstoppa hubroen i prosessen til å bli ei maske for Kvelertak. (Foto: Erik Tidemann)
Den utstoppa hubroen i prosessen til å bli ei maske for Kvelertak. (Foto: Erik Tidemann)

– Hubroen har lenge vore ein slags logo for oss, så me tenkte det kunne vore kult å bruka den som ei maske, seier Kvelertak-bassist Marvin Nygaard.

Maska, som består av ein ekte, utstoppa hubro, ein glassfiberhjelm og lysande auge, er laga av kunstnaren Erik Tidemann. Han har tidlegare laga masker for Røyksopp, og det var dette som var grunnen til at akkurat han fekk telefonen frå Kvelertak.

– Me såg ein dokumentar om Røyksopp på NRK, og då såg me desse maskene som Erik hadde laga. Det var då me kom på idéen.

Kvelertak slepp sitt andre album, Meir, neste uke, og er for tida på turné i Europa.

Les meir om Kvelertak på p3.no

Litt drag-queen

Erik Tidemann hoppa raskt på prosjektet, og hadde eigne tankar rundt korleis resultatet skulle sjå ut.

– Dei hadde ein idé om korleis maska skulle vera, at det skulle vera ein hubro med noko sjamanistisk over seg, fortel Erik Tidemann.

Les meir om Erik Tidemann på nrk.no

Hubroen har vore ein tilnærma logo for Kvelertak sidan debutalbumet i 2010, der ugla tek opp store deler av coveret på albumet

– Eg er veldig fan av det som ser pompøst ut, så eg såg for meg store vinger som stakk ut på baksida av maska. Marvin meinte umiddelbart det var litt drag-queen, så me la det litt til side.

Kunstnaren skildrar det ferdige resultatet som ei seremoni-maske med Cadillac-feel.

Lydverket møtte Maciek Ofstad frå Kvelertak for å snakka om utviklinga sidan debuten:

Kvelertak om utviklinga

Stormannsgalskap

– Showet startar med at Erlend syng “Eit fjærkledd hovud som trenger inn i skallen din”. Det er då han skal ha på seg maska, forklarar Marvin.

Han legg til at maska har passa til Kvelertak sitt image sidan første dag. Med planar om å spela på større scener etter at album nummer to kjem ut, tenkte bandet det var på tide med ein ekstra dimensjon til sceneshowet.

– Kjem resten av bandet til å skaffa seg tilsvarande masker, som Slipknot?

– Etter planen skal eg ha ei reinsdyrmaske og Maciek (Ofstad, red.anm) skal ha oksemaske, svarar Marvin først, før han raskt legg til at dei vil halda showet så enkelt som mogleg.

– Maska til Erlend får vera nok stormannsgalskap no.

Pyro har høyrt det nye Kvelertak-albumet – les førsteinntrykket her: Låt for låt

Sjamanen

Hovudet til hubroen blir på toppen av maska, med sjølvlysande auger. (Foto: Erik Tidemann)
Hovudet til hubroen blir på toppen av maska, med sjølvlysande auger. (Foto: Erik Tidemann)

Vokalist Erlend Hjelvik, som skal bruka maska, er sjølv ivrig på idéen.

– Sjaman-stemninga passar veldig bra til Kvelertak. Eg føler meg alltid som ein slags yppersteprest når eg piskar opp stemninga på scena og publikum flippar ut.

Både Kvelertak og kunstnaren Erik Tidemann forsikrar om at hubroen, som er utrydningstrua, er anskaffa på lovleg vis.

– Den vart lovleg avliva i 2001, så alt er på det reine. Men det var ei utfordring å skaffa hubroen, fortel Tidemann.

Med i arbeidsprosessen var og Bio-Prep, som Tidemann har jobba med i ni år.

– Det var ikkje slik at me berre gjekk ut i skogen og plukka med oss ein utrydningstrua hubro, fortel Marvin Nygaard.

– Eg trur kanskje den vart påkøyrd i si tid.

Kor mykje maska kosta, vil ikkje bandet uttala seg om. Dei legg berre til at det var ein del.

Følg Kvelertak på turné etter debutalbumet kom ut, frå Lydverket