Skriv ut ei vinylplate

På bransjetreffet SXSW har den aller første vinylplata laga av ein 3D-printer blitt presentert.

Teknologien hoppar stadig fram, og no for tida er 3D-printeren ein av dei mest revolusjonære. Ein 3D-printar kan skriva ut heile, harde objekt laga av plastikk, basert på data mata inn i maskina.

Noko av det siste som har blitt mana fram av ein 3D-printer er no vinylplater.

Les meir om teknologien på NRK Beta: 3D-printerrevolusjonen

Spelar musikk

Det er Amanda Ghassaei frå Instructables som har knekt koden for å laga fungerande vinylplater med den nye skrivaren, melder Mashable.

Teknologien går ut på at 3D-printeren legg lag på lag med plastikk oppå kvarandre i eit gitt mønster.

Ghassaei er den første som har funne ut korleis ho kan konvertera ei mp3-fil til bølger i vinylplata, via 3D-printeren. Mashable fekk og anledning til å testa den ferske plata, og den fungerte faktisk.

Les og: Musikksalet aukar

Dårleg kvalitet

Den gamle vinylplata har dei siste åra gjort eit kraftig comeback på marknaden, og har fått ein posisjon som eit luksusprodukt.

Mykje av grunnen til dette er den høge lydkvaliteten som vinylplatene gir.

Det er – førebels – ikkje ein av fordelane med platene 3D-printeren produserer.

Ifølgje Mashable tilsvarar lydkvaliteten rundt rekna ein fjerdedel av ei standard lågkvalitets mp3-fil, som har ein bit-rate på 128 kbps.

Likevel, skriv Mashable, er det som blir spelt frå plata «clearly recognizable music».

Les og: Eit steg nærare printing av våpen

Sjå Mashable presentera og lytta til den ferske plata her:

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=h_OwBm9ifWE&w=741&h=421]