Sniklytt

No kan du endeleg høyra det nye albumet til Kvelertak. Nye plater frå The Strokes og Depeche Mode er og på nett.

Ein allereie god musikkvår er på veg til å bli endå betre, og nokre av albuma det er knytt høgast forventingar til kan du høyra allereie no. Både dei unge og lovande, samt nokre store legendar gir ut album i tida som kjem – blant banda som er på rask veg til legendestatus, er Kvelertak.

Måndag 26. mars kjem Kvelertak sitt andre album, Meir, men me gir deg sjansen til å smuglytta litt på førehand.

Nettsida Themusic.com har fått lov til å legga ut albumet på nett. Du kan høyra heile herlegheita ved å besøka deira nettside, eller følga linken under:

Kvelertak-oppfølgaren får ein femmar frå P3: Kloke ugler

Maskiner

Blant gamle travarar som framleis gir ut ny musikk, finn me Depeche Mode.

Albumet Delta Machine kjem ut 25. mars, men albumet er frå i dag tilgjengeleg til lytting og førehandsbestilling på iTunes.

Høyr Depeche Mode-comebacket via iTunes her.

Bandet som for mange er indieheltane over nokon, The Strokes, gir og ut ei maskin-inspiret plate. (Eller, ei plate med maskin i tittelen, i det minste).

Dei seinare åra har det vore stille, og Angles frå 2011 møtte blanda kritikk. Neste veke kjem Comedown Machine, men du kan høyra plata allereie no.

Finn streamen her, via Pitchfork.

Les P3 sin anmeldelse av Angles frå 2011: Det var det?

The Strokes er ikkje den einaste gode nyheita frå New York, i går kom det og nye låter frå Vampire Weekend. «Diane Young» og «Step». Begge fekk sin premiere under bransjetreffet SXSW førre veke, men no er dei og å finna på Youtube.

Vampire Weekend gir ut sitt tredje album, Modern Vampires of the City 7. mai.

Sjå den sjarmerande «Step» under. Sjekk den like sjarmerande «Diane Young» ved å trykka her.

Artikkelen held fram under.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=_mDxcDjg9P4]

 

Høgdeskrekk og multiinstrumentalist

Fleire band løftar på sløret og viser fram musikken sin ei stund før albuma kjem ut offisielt. Blant dei er  Wavves, som har lagt ut heile det komande albumet sitt på NPR.org

Wavves slepp albumet Afraid of Heights 26. mars. Høyr det no!
Wavves slepp albumet Afraid of Heights 26. mars. Høyr det no!

Albumet, som er døypt Afraid of Heights, kjem ut 26. mars.

Høyr heile Afraid of Heights her, via NPR.org.

På NPR kan du og høyra den komande plata til Julian Lynch. Lynch har tidlegare stått for platene Born2Run og Terra, og spelar alle instrumenta sjølv – alt frå gitar til iPhone.

Same dag som Wavves kjem med sitt og The Strokes kjem med sitt, slepp Lynch albumet Lines. 26. mars er altså ein dag å merka seg.

Lines kan du og høyra her, via NPR.org

Islandsk cover

På tampen kan du og få moglegheita til å lytta til eit par blodferske låter. Islandske Of Monsters And Men slapp for ikkje så lenge sida sin muntre versjon av Yeah Yeah Yeahs-låta «Skeletons».

[soundcloud url=»http://api.soundcloud.com/tracks/77324602″ params=»» width=» 100%» height=»166″ iframe=»true» /]
Endå ferskare er låta «Lady, You Shot Me» frå Har Mar Superstar. Sjelfullt og lovande frå plata Bye Bye, som kjem ut 23. april i USA.

[soundcloud url=»http://api.soundcloud.com/tracks/82978787″ params=»» width=» 100%» height=»166″ iframe=»true» /]