– Tenkjer på kvarandre nakne

Astrid Smeplass og Julie Bergan sin versjon av «Undressed» har blitt møtt med gledesbrøl på YouTube. Sjå dei spela låta live hjå Christine!

Den tidlegare Idol-finalisten Astrid Smeplass (17) og den tidlegare MGP-deltakaren Julie Bergan (19) bestemte seg for å jobba saman etter å ha blitt vener under VG-lista i sommar.

Astrid Smeplass frå VG-lista i sommar (Foto:  Erlend Lånke Solbu/NRKP3)
Astrid Smeplass frå VG-lista i sommar (Foto: Erlend Lånke Solbu/NRKP3)

Astrid Smeplass går framleis på vidaregåande skule i Orkanger, nærare bestemt på idrettslinja. Med det i tankane var det ekstra bra at det var akkurat denne dagen ho skulle til Christine for å spela og slå av ein prat.

– Det var veldig greit å komma hit, eigentleg. Me skulle ha ESPA-test, der me spring ein lang oppoverbakke på rundt tre kilometer, fortel Astrid med ei letta røyst.

Vil du oppleva fleire live-innslag frå Christine?

– Men kvifor går du ikkje på musikklinja, spør Christine.

– Eg trur ikkje det hadde fungert så bra for meg, for eg hatar at folk skal fortelja meg korleis eg skal synga og spela.

Traff godt

– Det er ikkje planen i alle fall, svarar Julie på spørsmålet om ho og Astrid no er ein duo. Dei har så langt ikkje gjort meir enn cover-versjonen av Kim Cesarion sin «Undressed» – men det er ikkje lite berre det.

I skrivande stund har jentene sin versjon «Undressed» blitt sett over 171 000 gonger på Youtube – og talet stig fort.

– Me snakka veldig mykje om å gjera noko saman i sommar, ein cover av «Am I Wrong» eller noko, fortel Astrid.

– Men det vart aldri noko av før Julie fann ein live-versjon av «Undressed» på Youtube, held ho fram.

Versjonen Astrid og Julie la ut på YouTube, kan du sjå nedst i saka.

Sidan sist

Julie Bergan på VG-lista i sommar (Foto: Erlend Lånke Solbu/NRKP3)
Julie Bergan på VG-lista i sommar (Foto: Erlend Lånke Solbu/NRKP3)

Ting har skjedd sidan Astrid var med i Idol, og Julie var med i Melodi Grand Prix. Astrid har signert kontrakt med Playroom, Julie har signert med Warner.

Julie Bergan har og gjort meir enn å delta i Melodi Grand Prix med låta «Give Me Something Back». Ho var med på å gjera Cir.Cuz-låta «Supernova» til ein hit tidlegare i år – og ho er høgaktuell med ein litt meir skjult rolle.

Ho er med på Kaveh sin hit, «En av dem».

– Me høyrer jo på deg fleire gonger dagleg, bryt Christine ut etter å ha funne ut kvar Julie Bergan og er med.

Lengselfulle blikk

No er Astrid Smeplass og Julie Bergan aktuelle saman, med sin versjon av «Undressed»

Valet av låta, som handlar om vaksne aktiviteter, inviterte til eit spørsmål.

– Kva tenkjer de på når de syng?

– Me tenkjer mykje på kvarandre, og prøver å ha mykje augekontakt undervegs, ler Julie.

– Det kjem veldig naturleg for meg å formidla innhaldet i teksten, seier Astrid like spøkefullt.

Høyr heile sendinga til Christine her!

Sjå den originale versjonen av Astrid og Julie sin «Undressed» her:

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=ZoSXTMwV0sA]