Flytande merchandise

Kaizers Orchestra lagar vodka, Kvelertak har sitt øl. Fleire og fleire rockestjerner lagar eigne drikkevarer.

Mötörhead, med alkohol-likar Lemmy i spissen,  har både vodka, vin og øl med sin logo på. KISS har sjølvsagt kasta seg inn i marknaden, og AC/DC sin Premium Lager kom ut tidlegare i år. Det førebels siste medlemmet i klubben for rockestjerner som produserer alkohol, er Iron Maiden. I mai kjem dei med sin «Trooper Ale».

At rock og alkohol går hand i hand er ikkje nytt, men det har blitt ein stor trend dei siste åra at etablerte rockeband går endå tettare på alkoholen, og set sin eigen logo på flasker med vin, vodka og øl.

Sjå Bruce Dickinson frå Iron Maiden presentera «Trooper Ale» i videoen under. Artikkelen held fram.

Les meir om Iron Maiden på p3.no/musikk og hjå Pyro.

They got a dayjob

Det er stort sett artistar som allereie er store og etablerte som kastar seg på trenden. Hverken Mötörhead, Iron Maiden eller AC/DC treng å bekymra seg for sinte rop frå publikum som ber dei om å «don’t quit your dayjob».

For nokon i rockebransjen er øl og vin meir enn berre ein hobby og ein trend, men ein faktisk dagjobb.

Kvelerbrau/Hove 2010 (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)
Kvelertak-vokalist Erlend Hjelvik med ein øl i handa – diverre ikkje Kvelerbrau. (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

Sigurd Wongraven, frontmann og vokalist i Satyricon, lanserte for nokre år sidan sin eigen vin, med det passande namnet «Wongraven». Han blandar sine eigne vinar, har vin-blogg for Dagens Næringsliv, og held foredrag om vin fleire stader i landet.

– Det er viktig for meg at dette skal vera ein god vin, ikkje flytande merchandise, seier Wongraven om sin eigen vin.

For han er vinen ein lidenskap og ei privat interesse, og det er difor han ikkje lanserte vinen under Satyricon-namnet, legg han til.

 

Ville dei gjort det same med musikken sin?

Les meir om Satyricon hjå p3.no/musikk

Uforståeleg

For vin-entusiasten Wongraven er trenden med vin og øl med band-logoar merkeleg.

– Eg forstår ikkje kvifor musikarar frå undergrunnen vil setja namnet sitt på vin dei ikkje er med på å laga sjølv. Ville dei gjort det same med musikken sin?

Wongraven utelukkar ikkje at pengane kan vera motivasjonen for mange av banda, men trur ikkje dei vil halda lenge i marknaden.

– Fotballspelarar utan peiling på musikk som gir ut eiga plate pleier ikkje vera lenge på marknaden dei heller.

Artikkelen held fram under biletet

Trooperbeer (Foto: Skjermdump)

Lang, lang rekke

Det har etter kvart blitt veldig mange rockeband som kastar seg inn i ølmarknaden. Så mange, at nettsida MetalInjecion.net måtte laga ein eigen samlekategori for emnet, kalla «Bands and Booze».

På lista finst, i tillegg til dei som allereie er nevnt, står blant andre Mastodon, Slayer og Amon Amarth på lista.

Kvelertak, som vart nevnt i starten, er litt meir eksklusive med sitt øl. «Kvelerbrau» er brygga på  «honey and hate», og vart tappa på 30-40 flasker til ein konsert i Wien i 2011.

– Når tida er inne, då vert mjødet fødd

– Ein kamerat av oss i Wien er ein skikkeleg ølentusiast, og ville laga dette brygget til konserten vår i 2011. Den hadde 6,66% alkohol og var ei ganske mjødaktig blanding, seier Maciek Oftstad, gitarist i Kvelertak.

– At det var 6,66% trur eg ingenting på, for det smakte frykteleg sterkt. Men godt var det. Eg har framleis ei flaske på rommet som eg sparar til ein spesiell anleding.

Han fortel vidare at det førebels ingen konkrete planar om meir «Kvelerbrau». Det kan berre tida visa.

– Når tida er inne, då vert mjødet fødd.

Det skal og nevnast at D.D.E lanserte konjakken «DDE Jubileum 15 år XO» i 2007, for å markera 15 år som band.

Kaizers Orchestra har hatt mange referansar til vodka i sin musikk, og i 2011 avslørte dei i Popsalongen at «Vodka Kaizer» skulle komma på marknaden.

Sjå musikkvideoen til «Aldri Vodka, Violeta» av Kaizers Orchestra her. Artikkelen held fram under.

 

Held seg unda

Tarjei Strøm, kjend som blant anna trommis i Datarock og Ralph Myerz & The Jack Herren Band, og som tidlegare radiotryne her i P3, er over snittet glad i rock.

Likevel drikk han ikkje øl frå AC/DC eller vin frå Kiss. Han er straight edge.

Tarjei Strøm held seg til trommestikker, ikkje ølboksar, i hendene. (Foto: Rashim Akrid, NRK P3)
Tarjei Strøm held seg til trommestikker, ikkje ølboksar, i hendene. (Foto: Rashim Akrid, NRK P3)

Straight edge-kulturen stammar frå punk og hardrock på 70-talet, og meir spesifikt ei låt frå Minor Threat med same namn. Hensikten er å leva utan nokon form for rusmiddel, og generelt ha eit positivt syn på livet. Sjølv var Strøm tidleg sikker på å vera avholdsmann.

Likevel reagerer ikkje Strøm negativt på rockestjerner som produserer alkohol.

– Slik er no industrien bygd opp. Historisk har og rock og alkohol gått hand i hand, men sjølv har eg aldri følt tvang til å nyta alkohol.

– Fanboyen i meg tykkjer det er supert at rockeband lagar øl. Produserer banda meir merchandise, er det gøyare å vera fan.

Det er og slik Strøm trur polvarene frå rockarar blir betrakta – som merchandise.

– Folk, eller fans, vil aller helst ha desse flaskene uopna i hylla, framfor å drikka Iron Maiden-øl på fest. Reknar og med at prisen er justert til merch-nivå.

Produserer banda meir merchandise, er det gøyare å vera fan.

Førebilete

Rollen rockestjerner ofte får som førebilete blir ikkje særleg svekka av ekstrajobben som vinbonde, meiner Strøm.

– Verda, og ikkje minst musikken, er full av folk som gjer feil val eller vippar på grensa mellom rett og gale. Det viktigaste er at ein vel førebileta sine sjølv, og handlar slik ein sjølv meiner er riktig – så lenge det ikkje skadar andre.

Sigurd Wongraven på si side har ingen ambisjonar om å vera eit førebilete som rockestjerne, men håpar at vinprodusenten Sigurd Wongraven kan bidra til å formidla kunnskap og kjærleik for vin.

– Ei  positiv side med trenden må vera at mange rockarar har bytta ut dårleg sprit med god vin, legg han til.