Ung, blakk og ambisiøs

UKAS URØRT: Norsk-islandske Icy Arn gir oss kul, stavangersk rap om ei tom lommebok.

Promoter musikken din på Urørt
Promoter musikken din på Urørt
– Oppskrifta på å ikkje vere ein Brokeboi? Då må du skaffe deg ein jobb. Det har ikkje eg gjort enno, eg berre lagar musikk og og håpar å tene på det. Men eg må nok skaffe meg jobb snart, og det må du og!

Det er tipset frå Ukas Urørt, Icy Arn. Låta hans «Brokeboi» handlar om å vere utan jobb og utan pengar.

– Eg har jo aldri hatt ein jobb og aldri tent eigne pengar. Kva skulle eg gjort viss eg ikkje hadde foreldra mine? Då hadde eg vore blakk!

Det er nok innafor at Icy Arn, eller Arnar Thoroddsen som han eigentleg heiter, framleis lever av foreldra. Den lovande rapparen har nemleg nettopp fylt 18 år. Han drøymer om å ein dag kunne leve av musikken.

Urørt meiner:

Eit nytt og spennande hiphop-namn frå Stavanger/Island!  Med eigenart og ein stor dose sjarm imponerar Icy Arn med fengande linjer over egienproduserte beats i låten «Brokeboi». Med eit tilbakelent uttrykk og tekstar ein kan relatere seg til, gleder vi oss til meir musikk frå den 18 år gamle rapparen!

Samarbeid med andre Urørt-artistar

Med to låter ute på Urørt er Icy Arn ganske fersk i artisttilværet, men har produsert melodiar for andre artistar.

– Først produserte eg for Kiddo Kæsh og Isah frå Stavanger. Så skulle eg lage ein beat for Plaster På Såret, men det endte med at eg vart med på låta i staden.

Resultatet vart låta «50k Emails», den første Urørt-låta til Stavanger-rapparen.

https://www.instagram.com/p/BhZAVvOAcaD/?hl=nb

Melodien til Urørt-favoritten «Brokeboi» er òg sjølvsnekra. Musikkproduksjon har 18-åringen lært seg på eiga hand.

– Det starta med at eg byrja å spele piano. Eg lærte meg masse songar, og vart inspirert til å produsere noko sjølv. I dag er det jo veldig enkelt å laste ned lydar og setje dei saman på PC-en. Eg byrja berre å prøve ut diverse lydar, og lærte meg etter kvart å bruke dei.

No samarbeider Icy Arn gjerne med lokale artistar frå Stavanger, og seier musikkmiljøet i byen er i ferd med å ta seg opp. Han røper at han har ei ny låt på veg som er laga saman med Plaster på Såret og Isak Shorty.

Inspirert av Post Malone

Arnar er fødd og oppvaksen på Island, og flytta til Stavanger då han var 10 år. Den første rap-låta hans var på islandsk, og 18-åringen fortel at heimlandet er ein inspirasjon. Artistnamnet er ein referanse til hans «icy» opphav. Av andre inspirasjonskjelder nemner den unge rapparen Post Malone og Kjartan Lauritzen.

– Post Malone er veldig flink. Han held seg ikkje til ein ting, men gjer absolutt alt. Han går ofte heilt utanfor hiphop-universet, og ei av favorittlåtene mine av han er meir roleg og country-aktig. Eg blir veldig inspirert av Post Malone til å lage eigen musikk.

Sjå Icy Arn covre Post Malone sin «Psycho» på klingande Stavanger-dialekt og islandsk her:
https://www.youtube.com/watch?v=QyQEy5Mh1o4

Sjekk ut kva Icy Arn høyrer på her: