Videopremiere: Acres Wild

Acres Wild er ikkje berre eit band, men eit livsprosjekt. Balcony Song er frå EP-en «The Prophecies of Skeeter Davis».

Acres Wild vart starta som soloprosjektet til den Oslo-baserte låtskrivaren Magnus Askjer Lefsaker.

Etter studia hadde han eit år der han jobba på SFO og tok nokre fag på Blindern, heilt umotivert. Som mange andre undra han på kva han skulle gjere med livet sitt.

– Det var då eg såg sekstitalsfilmen «The Graduate», der Dustin Hoffman spelar ein karakter i same situasjon, eg fann inspirasjon til å skaffe meg eit livsprosjekt. Mitt nye prosjekt vart å starte Acres Wild, seier Lefsaker.

Uhøgtidleg melankoli

Acres Wild har sidan utvikla seg til å bli eit band med fem medlemmar, som for tida er i studio for å jobbe med sitt første fullengder-album.

– Balcony Song er ei personleg vise, medan musikken vår elles er meir bandorientert, fortel låtskrivaren Magnus Askjer Lefsaker.

Han skriv ofte musikk ute på balkongen sin på laurdagskveldar. Balcony Song er eit resultat av nettopp ein slik kveld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Acres Wild. Frå venstre: Espen Skretteberg, Simen Følstad Nilsen, Magnus Askjer Lefsaker, Even Ziesler Andenæs, Mads Frøystadvåg Skovdahl. (Foto: Marita Nielsen)
Acres Wild. Frå venstre: Espen Skretteberg, Simen Følstad Nilsen, Magnus Askjer Lefsaker, Even Ziesler Andenæs, Mads Frøystadvåg Skovdahl. (Foto: Marita Nielsen)

– Det er ei spesiell stemning når resten av byen beveger seg, medan ein sjølv står heilt stille, seier han.

Videoen tar utgangspunkt i tekstfrasa frå låta «The only boy living in Oslo». Lefsaker følte seg nettopp som det då han skreiv songen.

– Balcony Song er glad-trist, og eg meiner videoen underbygger den uhøgtidlege melankolien på ein flott måte, seier han.

Einsam lagspelar

Det er låtskrivaren sin yngre bror, Henning Askjer Lefsaker, som har regi og er den einaste skodespelaren i musikkvideoen.

– Eg syns det var herleg sjarmerande med ein karakter som følgjer alle «spelereglane» sjølv om han er heilt aleine, seier han.

Dette kjem tydeleg fram i fotballsekvensen, der vi får sjå yngstebror Lefsaker spele fotballkamp aleine.

– Fotballsekvensen i videoen er eit resultat av knuste barndomsdraumar. Alle fotballgutar har vel førestilt seg å spele i ein ekte kamp mot dei verkelege stjernene. Det har i alle fall eg. På Bjørnegård Grus har eg slått tunell på Dan Eggen, sprunge frå Roberto Carlos og lobba ballen i mål bak ein forvirra David Seamen, fortel han.

I tillegg til hjelp frå broren har bandet fått med seg nittenåringen Jens Peder Hertzberg på laget. Han står for foto og redigering av musikkvideoen.