Videopremiere: Egil Olsen

Bli med Olsen høgt opp i lufta, og nyt videopremiera av “Autopilot”.

Egil Olsen gir ut si fjerde soloplate ooo what happened den 20. mars. Låta “Autopilot” er ein smakebit av det vi kan sjå fram til mot våren.

– No var du på autopilot, Egil

I det kommande albumet er Olsen meir personleg og sjølvreflekterande enn tidlegare. Han tar opp sin eigen 30-årskrise, det sjølvdestruktive kunstnarlivet, mørk kjærleik og sitt ambivalente forhold til religion.

Låta “Autopilot” brukte Olsen nesten eit år på å gjere ferdig. Han bestemte seg for at han måtte lage den då han deltok i eit rølpete bryllaup. Der han vart tvungen opp på scena for å spele seint ut på kvelden.

– Det er ubehageleg nok å spele for slekt, men i tillegg var det så og seie ingen som brydde seg – bortsett frå eit par fulle tanter og ei brud som ville eg skulle spele “Boombastic” om og om igjen, fortel Oslen.

– Heilt bak i lokalet sat ein litt alkoholisert fjern slektning. Då eg var ferdig kom han bort og sa: “Dette var ingenting, Egil. No var du på autopilot.”

Egil Olsen var eigentleg heilt einig sjølv.

– Han hadde heilt rett. Eg fekk ikkje orda ut av hovudet. Det måtte sjølvsagt bli ein song av det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Egil Olsen (Pressebilde)
Egil Olsen (Pressebilde)

Flyg gjennom natta

– I ei periode var dette alt eg ville gjere. Legge ifrå meg gitaren og sveve over skogen i mørkret. På autopilot, seier Egil Olsen.

Med litt filmtriks er det endeleg mogleg. I den nye videoen får du sjå Olsen flyge over furutoppane i natta.

– Eg har nettopp flytta inn i skogen på Nesodden, så videoen er faktisk filma i hagen og klipt saman på stovegolvet, fortel Olsen.

Han fekk god hjelp av sin barndomsven og filmtriks-ekspert Eigil Jarl Halse. Men der er ikkje alt i videoen som er sjølvlaga:

– Tekstplakaten om bruk av profesjonelle modeller på slutten av videoen er henta frå ein gamal pornofilm eg fann i VHS-samlinga mi. “Blondes Have More Cum” er den klingande tittelen. Det er som å vere 15 år igjen!