Videopremiere: Hanne Kolstø

Sjå den splitter ferske musikkvideoen til singelen «We Don’t See Ourselves»!

«We Don’t See Ourselves» er henta fra det nyeste albumet til Hanne Kolstø, Forever Maybe , som P3s anmeldar trilla terningkast 5 for.

Les: I konstant utvikling (5/6)

«We Don’t See Ourselves» er siste video i ein videotrilogi, kor historia fortsetter fra videoane til låtane «La-la-la-la Lovesong» og «One Plus One Makes One Out Of Two» – sjå den øvst i saka.

Inspelinga av videoen tek stad i leiligheita til Kolstøs beste kompis i Oslo – ein møteplass for vennegjengen til artisten fra Kristiansand i mange år. – Det ligg mykje historie i dei veggane, seie artisten som blei belønna med seks auge på terninga for hennar Øya-konsert.

Les: Kolossen Kolstø (6/6)

Åpen for tolkning

Hanne Kolstø er aktuell med en fersk video. Foto: Lisa Lindøe
Hanne Kolstø er aktuell med en fersk video. Foto: Lisa Lindøe

Regissør Vibeke Heide forklarar at tanken bak videoen og trilogien er å forsøke å finne eit enkelt uttrykk for en slags kamp mellom motstridande krefter, under det store paraply-temaet kjærlighet/nærhet.

– Eg kan vel røpe så mykje som at i tillegg til det konkrete ein ser i kvar av videoane, er desse to karakterane for meg og eit uttrykk for ein og samme person. Ut over det ynskjer eg for min del at videoane skal være åpne for tolkning, og det later det til at de er, ut i fra tilbakemeldingane vi får dei stadane videoane har vore vist, blant anna Kortfilmfestivalen i Grimstad.

– Å vere fanga i eit mørkt rom utan vidauge

– «We Don´t See Ourselves» er skrevet utifrå filosofien om at kvar og ein av oss er åleine i verda og fanga i vårt eige sinn. Vi kan ikkje føle noko anna enn vår eigne følelsar og opplevelsar. Andre kan berre sjå oss utanfrå, og vi kan ikkje sjå oss sjølv, forklarar Hanne Kolstø om historia bak låta til P3 og tilføyer:

– Det er som å vere fanga i eit mørkt rom utan vidauge, berre med tilgang til verda gjennom augene, som ein slags tv-skjerm på ein vegg. Og når vi ser på ein annan person, ser vi berre det som er representert i våre eigne erfaringar.

Planen framover er å ha ein releasekonsert på Parkteatret 5.desember, så opptreden på Trondheim Calling 24.januar, SXSW i Texas i mars, og Tysklandsturné i april. Den aktive artisten skal forøvrig skrive ferdig det femte album som skal ut november neste år.