Videopremiere: Mørland & Debrah Scarlett

Sjå perfekte fasadar og masker som fell. MGP-aktuelle “A Monster Like Me” har fått ein Ibsen-inspirert musikkvideo.

Mørland & Debrah Scarlett skal delta i årets Melodi Grand Prix med låta “A Monster Like Me”. No har dei laga ein video til låta – som kanskje vil gå heilt til topps i den norske finalen den 14. mars.

Sjå alle Melodi Grand Prix-artistane her!

Ikkje laga for MGP

– Eg skreiv på ingen måte låta for Melodi Grand Prix, så det blir spanande å sjå korleis ei slik låt fungerar i det formatet, seier Kjetil Mørland.

Mørland har budd i England i lang tid, men har no flytta til Oslo for å satse på solokarriera si. Han har fått med seg Debrah Scarlett, som mange kanskje hugsar frå The Voice på TV 2.

– I videoen skulle eg og Debrah vere så kalde som mogleg. Vi skulle ikkje vise teikn til følelsar. Det var verkeleg ei utfordring med ein så følsamt sungen vokal, men eg syns konseptet fungerer veldig bra, fortel Mørland.

“A Monster Like Me” handlar om noko uoppgjort frå fortida som ein aldri har klart å prate om.

– Det er absolutt ei mørk kjærleiksballade, men det ligg også eit håp mellom linjene som lysnar litt på melankolien i låta. seier Mørland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mørland & Debrah Scarlett under presentasjonen av årets Melodi Grand Prix-artistar hos NRK på Marienlyst i Oslo onsdag. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix)
Mørland & Debrah Scarlett under presentasjonen av årets Melodi Grand Prix-artistar. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix)

Oppkast og velur

Fredrik Støbakk og Audun Gjelsvik Magnæs var regissørar for musikkvideoen. Dei kan fortelle om ei hektisk innspeling som gjekk godt til slutt:

–  Blant mykje anna var ein kameramann sjuk og kasta opp under heile innspelingsdagen. I tillegg var scenografen allergisk mot velur, fortel dei.

Mørland kan legge til at ingen av skodespelerane kjem til å ete kalkun med det første. Kalkunen i videoen var nemleg smurt inn i sjokoladekrem for å få ein meir attraktiv gyllen farge, og var lite appetittleg å stirre på ein heil dag.

– Vi hadde eit Ibsen-inspirert utgangspunkt med perfekte fasadar og masker som fell. Det skapte ei scene som romma mykje vakkert – akkurat som ei kjærleiksballade skal. Vi er veldig stolte av det vi no får presentere, seier regissørane.