Videorama!

Er det noko puppane til Katy Perry ikkje kan gjere?

Lykke Li har ikkje akkurat strødd rundt seg med nytt materiale i tida etter Youth Novels frå 2008, men denne veka kunne me gleda oss over at singelen «Get Some» vart lagt ut til gratis nedlasting på heimesida hennar. Video har det òg blitt,  ein nokså enkel ein som sådan. Fyrst og fremst trekk den merksemda mot den eigentleg ganske dirty teksten:

Katy Perry er ute med tredje singel frå Teenage Dream, ei plate som ikkje akkurat vekka begeistring hjå Lydverkets anmeldar. Videoen til «Fireworks» er omtrent like politisk korrekt som Christina Aguileras «Beautiful» var i si tid, så er du bakfull og sentimental kan det godt vera den treffer hardt. Utover dette beviser den ein gong for alle at Katy Perry har magiske puppar:

Canadiske DD/MM/YYY har laga ein fantastisk fin video til låta «I’m still in the walls». Litt trippy, men likevel:

«Jamie, My Intension Are Bass» er henta får !!!s siste plate Strange Weather, Isn’t It? Videoen er morsom og lite sjølvhøgtideleg, og inneheld nok 70-tals referansar til å tilfredsstilla Inger Lise Rypdal. High five!

Cornershop kjem ut med ny EP tirsdag neste veke, med den fengande tittelen The Battle Of New Orleans. Videoen til «Houston Hash» er amerikansk. Veldig amerikansk.

Britta Persson er skitpopulär i Sverige, og frå hennar siste album Current Affair Medium Rare kjem no andresingelen «Toast to M». Den handlar om det dystraste av det dystre,  men ingen kan sei at ikkje videoen er snygg:

Og så: Daft Punk. I sitt rette element! Franskmenna har soundtracket til Disneys neste storsatsing, sci-fi-oppfølgaren «TRON: Legacy». Filmen har norsk premiere 17. desember, men musikkvideo (skråstrek trailer) kan du sjå her. «Derezzed» heiter den, og det ser råkult ut om du er i humør til det: