Videorama!

Dr. Dre, White Lies, Beth Ditto og Linkin Park rundar av vekas musikkvideoar.

Me startar med vekas mest episke: I videoen til  comebacklåta «I Need A Doctor» havnar Dr. Dre i koma, etter å ha sett tilbake på karrieras tidlege dagar med mentor Eazy-E, NWA og seinare Deathrow og Aftermath. For å kome seg tilbake, treng han hjelp frå sin tidlegare læregut Eminem. Produsent Alex Da Kid er blant legane som prøver å redde Dre, medan Skylar Grey, som har refrenget, gjer sin mest framtredande rolle i ein video til no – riktignok som spøkelse.

(Via SPIN)

På søndag står White Lies på scena på Rockefeller i Oslo. Som ein kjip trøystepremie til dei som ikkje har skaffa seg billett, kjem videoen til sistesingelen «Strangers». Chatroulette-temaet kjennes ikke akkurat superfriskt lenger, og det er i det heile vel mange avarter av den menneskelege seksualitet å fordøya så tidleg på dagen. Men for all del:

(Via CoS)

MTVs Supervideo-prosjekt – som sist resulterte i denne videoen til LCD Soundsystems «Pow Pow» – har no teke for seg New York-bandet Cults sin låt «Go Outside». I videoen spelar Emma Roberts (niesa til Julia)  Dave Franco (bror til James) sin filmfantasi som blir til verkelegheit. Den offiselle videoen til låta kjem seinare, men ein kan vel trygt gå ut frå at MTV trumfar bandets eige budsjett?

(Via MTV)

Beth Dittos Simian Mobile Disco-produserte EP kjem ut 8. mars, og no kan du sjå videoen til singelen «I Wrote The Book». Flott dame, flotte dansarar, flott hyllest til Madonna.

(Via SKoA)

One Republic, som for dei fleste er mest kjende frå Timbaland-samarbeidet «Apologize», er ute med ny video til låta «Good Life». Dette er fjerde singel frå albumet Waking Up frå 2009 (!).

(Via Pop In Stereo)

Siste singel frå Linkin Parks A Thousand Suns heiter «Burning In The Skies». Videoen…bruker mykje slo-mo-filming.

(Via iLeaks)

Frå Bright Eyes sitt siste album The People’s Keys, kjem videoen til singelen «Shell Games». Det er ein ganske enkel sak, men alt kler den smukke låt.

Hugsar du forrige Peter, Bjorn and John-video, til låta «Breaker Breaker»? Neste låt frå Gimme Some, som kjem ut 25. mars, er «Second Chance, og videoen er mykje det same som sist. Berre litt meir grisete.

(Via Stereogum)