Videorama!

The National tar i bruk Mad Men-stjerne i sin nye video, Die Antwoord er like sjarmerande som alltid, Lykke Li er på månen og Michael Jacksons danseskills blir hylla nok ein gong. Få med deg vekas beste nye musikkvideoar her!

Ein uventa morsom video frå eit ikkje openbart sjølvironisk band: John Slattery, for tida mest kjend for rolla i tv-serien Mad Men, speler ein livvakt håplaust forelska i den amerikanske presidenten i videoen til The Nationals “Conversation 16”. Presidentrolla vert fylt av Flight Of The Concords skodespelar Kirsten Schaal, og det heile er svært sjåverdig:

(Via SPIN)

Deerhoofs nye video, til “The Merry Barracks” frå albumet Deerhoof vs. Evil, er akkurat passe creepy. Bandmedlem Satomi Matsuzakis spøkelse beveger seg rundt i byen, og hovuder begynner etterkvart å eksplodere. Akiko McQuerrey og Jason Drakeford står for regi.

(Via Pitchfork)

Det norske metallbandet Insense er klare for Infernofestivalen, og kjem 8. april med albumet Burn In Beautiful Fire. Sjå den splitter nye videoen til låta “Surviving Self Resentment” under:

Ny singel og video frå Michaels Jacksons siste album Michael, som vart gitt ut før jul i fjor, halvanna år etter Jacksons død. “Hollywood Tonight” er ikkje det verste ein kunne ha venta seg frå den kanten, og videoen baserer seg klokeleg nok på ein råflink dansar i popkongens and, heller enn videoopptak av det som kanskje eller kanskje ikkje er Jackson sjølv.

(Via That Grape Juice)

Den norske artisten Kristin Minde kom forrige veke med debutalbumet Six Feet Under. Fyrstesingelen “The World Is At Your Feet” har fått ein fin musikkvideo, regissert av Ola Martin Fjeld, som du kan sjå her:

Mykje å ta tak i med videoen til Willow Smiths andresingel “21st Century Girl”, men kort opppsummert: Ved hjelp av ein hovudskalle, ein iPhone og ein bitteliten gitar, vert Willow mana fram i ørkenen av ei gamal dame. Ho byrjar straks å trekke ting opp av sanden sjølv – i fyrste omgang ein elektrisk gitar, i siste instans ein heil by. Saman med bakgrunnsdansarane sine og ein gjeng med ulvar viser ho at ho verkeleg er ei jente som likar å rock the beat. Til ein så påkosta video å vera er den befriande fri for produktplassering, og det er umogleg å hate på dei gule skoa hennar.

(Via Idolator)

Etter to år uten dei heilt store oppturane, byrjar ting å sjå lysare ut for Chris Brown: Besøksforbudet mot Rihanna er oppheva, slik at han ikkje lenger treng å halde seg vekke frå alle prisutdelingane der ekskjærasten deltek, og 22. mars kjem comeback-albumet F.A.M.E. For ikkje å snakka om at nakenbileta som tilfeldigvis vart “lekka” på nettet akkurat i den mest intense promoteringsperioden, ikkje akkurat stiller Browns manndom i eit dårleg lys. Under kan du sjå ein råversjon av videoen til fyrstesingelen “Look At Me Now”, med Lil’ Wayne og Busta Rhymes med på laget.

(Via Pigeons & Planes)

Frå Lykke Lis siste album Wounded Rhymes kjem “I Know Places”. I videoen er “(Live On The Moon)” lagt til tittelen, noko som gjer ein ganske grei peikepinn for kva det er du får sjå:

(Via We Are Pop Slags)

Det britiske indierockbandet Yuck gav ut sitt sjølvtitulerte debutalbum i 2010, og frå dette kjem singelen “Get Away”. I videoen plukker bandet opp ei naken jente som haiker i ørkenen, heller matolje over ho og køyrer vidare.

(Via Pitchfork)

“Rich Bitch” er visstnok kallenavnet til Die Antwoords feminine halvdel Yo Landi Vi$$er. I videoen til låta med same navn viser ho fram rikdommen, i form av truser, toalettpapir og ei catsuit-drakt i gull. Blant anna:

(Via SPIN)