Videorama!

Lykke Li skjemmer ut Stellan Skarsgård i ny video til «Sadness Is A Blessing» – sjå den, og fleire av vekas beste nye musikkvideoar, her!

Det har vore tunge tak for Lykke Li i det siste, etter at ein ein ryggskade har tvinge ho til å avlysa fleire konsertar. Eit utsolgt Rockefeller skal likevel få det dei har betalt for på laurdag – den konserten går som planlagt. Fin trøystepremie til dei som ikkje har billettar til den kvelden er den nye musikkvideoen til «Sadness Is A Blessing» frå Lykke Lis siste album «Wounded Rhymes». Sjølvaste Stellan Skarsgård spelar artistens far – eller er det elskar? Dette blogginnlegget kan tyde på det fyrste – som vert satt i ein pinleg situasjon av ei full og trassig Lykke Li på restaurant. Regissør er Tarik Saleh, som òg sto bak videoen til «I Follow Rivers».

Fleire kjende skodespelarar: Robbie Coltrane, for mange betre kjend som Hagrid/Gygrid frå filmatiseringa av Harry Potter-serien, speler ein mann som forelskar seg i eit dataprogram i Kate Bush sin video til «Deeper Understanding». Låta er henta frå Bush sin komande samling av nyinnspelte arbeid, som er ute i midten av mai.

(Via Pitchfork)

Den franske (eller, som mange vil ha det til, svenske) duoen Herman Dune er ute med ny video. Me let skildringa på Funny Or Die tale for seg: «A young runaway yeti embarks on an adventure into the human world and along the way, makes an unexpected friend in Jon Hamm.»

(Via Funny Or Die)

Lupe Fiasco har fått hard medfart for sitt siste album Lasers. Lydverkets anmeldar Andreas Øverland kalte det ein «varsla nedtur«, etter at artisten sjølv har stilt seg mildt sagt ambivalent til heile prosjektet. Videoar vert det uansett – her er «Words I Never Said» med Skylar Grey:

(Via iLeaks)

Fyrste offisielle video fra Sondre Lerches komande album: «Domino» regissert av Kate Barker-Floyland. Konsertklipp, studioarbeid og New York – sjå den her:

(Via TwentyFourBit)

Nokon artistar kan ein ikkje heilt forklare kvifor ein liker og held fram med å følgje med på – i underskrivne sitt tilfelle er dette greia med John Maus. Eller, vent… Denne låta har nok mykje med saken å gjere. Uansett, Maus kjem med det audmjukt titulerte albumet We Must Become The Pitiless Censors Of Ourselves i juni, og videoen til låta «Believer» ser du under.

(Via Pitchfork)

Tidlegare i vår vart Lydverkets sjåarar betre kjend med britiske Florrie – den tidlegare studiotrommisen som har tredd fram i rampelyset på eiga hand. Det vakre popstjerneskotet har no spelt inn video til singelen «Begging Me», som du ser her:

(Via SKoA)