Videorama!

Ein Ray Kay-regissert Steven Tyler, ei døsig Rihanna og eit uoffisielt The Weeknd-klipp – her er vekas nye musikkvideoar!

Har du Google Chrome? I så fall kan du byrja vekas videooppsummering med å gå hit for å sjå den interaktive videoen til «3 Dreams Of Black», henta frå Danger Mouse og Daniel Luppi sitt samarbeidsprosjekt Rome. Chris Milk står for regi, same mann som sto bak Arcade Fire sitt Google Maps-drivne videoprosjekt til «The Wilderness Downtown». Rome kan du streama her!

Steven Tyler, for tida ein tredjedel av dommarpanelet i American Idol, nyttar høvet til å lansere eit soloalbum. Fyrste singel ut er «(It) Feels So Good», og videoen er regissert av ingen ringare enn norske Ray Kay – sist sett i aksjon med Britney Spears. Resultatet av samarbeidet ser du her:

Etter at  Abel Tesfaye gav vekk mikstapen House Of Balloons gratis tidlegare i vår, under namnet The Weeknd, har etterspørselen etter handfast materiale og informasjon om 20-åring vore større enn tilgangen. Når ein video til sporet «What You Need» dukka opp på internett denne veka, kasta me oss difor over det som svoltne hundar. Eit medlem av The Weeknds crew har avkrefta at den er offisiell, men den seksuelle energien frå House Of Balloons er i alle fall vidareført.

(Via Pigeons & Planes)

Rihanna er ute med video til sin siste singel «California King Bed». Den er gjort i same visuelle stil som art worken til hennar siste album Loud, men er ei nokså døsig affære samanlikna med videoane til hennar andre singlar.

(Via Billboard)

Death Cab For Cutie-bassist Nick Harmer har gått saman med street art-kunstnar/illustratør/grafisk designer/skatar Shapard Fairey om regien til videoen til «Home Is A Fire». Fairey er mellom anna kjent som designaren bak Barack Obamas ikoniske «Hope»-plakat. Albumet Codes And Keys kjem i slutten av denne månaden.

(Via TwentyFourBit)

Black Eyed Peas festar vidare – faktisk ynskjer dei aldri å halde opp. Videoen til  «Don’t Stop The Party» illusterer poenget – her ser me gruppas energiske liveopptredenar frå rundt omkring på verdas største scener.

(Via Popjustice)

J Masci ganske nydelege soloalbum Several Shades Of Why har fått ein ny video. «Is It Done» er gjort saman med Band Of Horses-frontmann Ben Bridwell.

(Via TwentyFourBit)

Depeche Mode er ute med remiksalbumet Remixes II: 81-11, oppfølgaren til Remixes 81-04. Albumet spenn over heile karriera til bandet, og innheld både klassiske versjonar av mellom anna Trentemøller, UNKLE og M83, og nye av artistar som Eric Prydz og Röyksopp. Også Stargate har lagt hand på verket, med sin remiks av «Personal Jesus», henta frå albumet Violator frå 1989. Videoen til denne versjonen ser du her:

(Via Pop In Stereo)

Dei amerikanske punkrockarane i Social Distortian har satt saman ein utvida musikkvideo til «Machine Guns Blues». Plottet er lagt til 1930-talets Los Angeles, med gangsterar, bankran og politijakt med på kjøpet. 30. juni speler bandet på Sentrum Scene i Oslo.

Taylor Swift tek eit oppgjer med ungdomstidmobbarane på låta «Mean», siste singel frå albumet Speak Now. Videoen er filma i glitrande retrostil, og endar sjølvsagt lukkeleg:

(Via MTV)