Videorama!

Beyoncé, James Blake og Art Brut: Her er vekas ferske musikkvideoar!

Mange var skuffa over «Run The World (Girls)», fyrste singel frå Beyoncés komande album 4. Den Diplo/Switch-produserte låta, som ikkje gjer noko særleg forsøk på å tona ned samplinga av «Pon de Floor», er utvilsomt eit vågalt singelval, så gjenstår det å sjå om Beyoncé tek steget fullt ut i eurodance-land på resten av plata. Videoen bør i alle fall leva opp til alle forventningar – den beviser ein gong for alle at Beyoncé sin koreograf har eit kraftig balletak på Lady Gaga sin.

(Via Billboard)

På eit litt lågare budsjett: Pusha-T, «Blow». Eller, om det faktisk er ekte kokain han driv å strør rundt seg må det jo ha kosta ein del… Henta frå mikstapen Fear Of God.

(Via Pigeons&Planes)
Art Brut er ute med nytt album, Brilliant! Tragic», som du kan streama her. Singelen heiter «Lost Weekend», og videoen til den ser du her:

(Via SKoA)

Cults kjem med sitt sjølvtitulerte fyrstealbum kjem i juni, og under ser du videoen til singelen «Abducted». Den endar overraskande, noko me sjølvsagt likar.

(Via Vulture)

James Blakes sjølvtitulerte debutalbum fekk Lydverkets anmeldar Marius Asp til å trilla ein femmar på terningen, og han er ikkje den einaste som står inne for den unge briten for tida. På albumet er det to spor med namnet «Lindisfarne» – i videoen er desse slått saman, og dannar bakgrunnsmusikken til ein ganske forstyrrande liten forteljing:

(Via Stereogum)

Vincent Haycock har regissert ein Trainspotting/Kids/Berlin Calling-aktig video til Calvin Harris siste singel «Bounce», der ein nydumpa og heller usympatisk ung mann vandrar gjennom Las Vegas sine gater og prøver å finna noko å henga fingrane sine i. Snedig inkorporering av gjestevokalist Kelis, også:

(Via SKoA)