Videorama!

Frank Ocean, WU LYF, Katy B, Sondre Lerche – her er siste nytt på musikkvideofronten.

Frank Oceans Nostalgia, Ultra er på veg til å bli gitt ut på Def Jam Rcords. Denne veka dukka videoen til «Acura Intergurl» opp på Tumblr-sida hans, eit spor som ikkje er med på mikstapen, men som fort kan enda opp på albumet. Sjå den her:

(Via Prefix)

WU LYF (World Unite/Lucifers Youth Foundation) kjem snart med sitt fyrste album Go Tell Fire To The Mountain, som dei gjer ut på eige selskap. Manchesterbandet er definitivt på verdt-å-følga-med-på-lista for 2011, og i august har du sjansen til å sjå dei på Øyafestivalen i Oslo. Under ser du videoen til «Dirt», medan du kan gå hit for å sjå og høyra meir frå gjengen.

(Via SKoA)

Det har vore stilt rundt Tom Vek sidan han i 2006 gav ut albumet We Have Sound. No er tausheten broten, og i byrjinga av juni kjem han med oppfølgaren Leisure Seizure. I videoen til «World Of Doubt» dukkar han ikkje opp sjølv, men to pene jenter som dansar framfor gigantiske høgtalarar er sikkert ein grei erstatning i mange sine auge.

(Via Gigwise)

Katy B med ny singel og video: «Easy Please Me», frå debutalbumet On A Mission. Klassisk biljardscenario me alle kan kjenne oss igjen i – kanskje minus biljarden.

(Via We Are Pop Slags)

Sondre Lerche er snart ute med sitt sjølvtitulerte sjettealbum. Han følger opp fyrstesingelen «Domino» med «Private Caller», og ein video som skal ha blitt filma på baren Union Pool i Lerches nabolag i Brooklyn.

(Via Stereogum)

Då Sondre Lerche var gjesteprogramleiar på Lydverkets TV-sending forrige månad, valgte han seg ut San Fransisco-bandet The Dodos som vekas Lydverket elsker. Dei er også ute med ny video denne veka, til låta «Companions».

(Via CoS)

Avril Lavigne held fram med å stadfesta myta om at ho ikkje har forandra seg ein døyt sidan ho var 17, denne gongen med videoen til hennar siste singel «Smile». «You know that I’m a crazy bitch»… Jadå.

(Via We Are Pop Slags)

Irske James Vincent McMorrow ha gitt det flotte albumet Early In The Morning, og videoen til singelen «Sparrow And The Wolf» er òg ganske stilig. Mennesker i masker, undertekster – me liker slikt.

(Via SKoA)

The Gaslight Anthem gjorde inntrykk på Lydverkets anmeldar Marius Asp både då dei gjesta Hove i 2009, og då dei sto på scena på Øya året etter. No er dei ute med ny video til «Bring It On» frå fjorårets American Slang, ei låt som skal handla om ein fyr som går gjennom ein skilsmisse.

(Via SPIN)

Kven skal redda verda? Hundane! Swedish House Mafia tyr til det eldste trikset i boka i videoen til «Who’s Gonna Save The World», men me går lett på limpinnen.

(Via NRJ)

Taylor Swift er ute med nok ein singel frå Speak Now, og denne veka hadde videoen til «The Story Of Us» premiere. Jenta er som vanleg ikkje redd for å vera dramatisk, sjølv om ho befinn seg i eit bibliotek.

(Via MTV)