Videorama!

Kanye West, Tyler, The Creator, Memory Tapes og Broken Social Scene står for nokre av vekas beste nye musikkvideoar.

Kanye West, Nicki Minaj, Rick Ross, Jay-Z – alle er på plass i videoen til “Monster”, eitt av høgdepunkta frå fjorårets My Beautiful Dark Twisted Fantasy. Det same er døde damer som heng i kjetting frå taket.

På eit litt anna budsjett, men med same uslåelege innsikt i kva det er damene vil ha, finn me Tyler, The Creator. Hans “She”, med Frank Ocean på hook, er berre nesten søt. Videoen har guten regissert sjølv, under pseudonymet Wolf Haley.

(Via Vulture)

Ken Ring og Tommy Tee har slept fyrste smakebit frå det komande albumet 2 legender uten penger igjen, nemlig singelen “Plocka han”. Her har dei i tillegg fått med seg den amerikanske hip hop-duoen M.O.P, som sympatisk nok leverer refrenget på svensk. Videoen til låta hadde premiere denne veka.

Britiske Florrie er på veg med sin andre EP, der ho mellom anna har samarbeida med den 16 år gamle wunderkinden MNEK. Sjå videoen til låta “Experimenting With Rugs” her:

(Via SKoA)

Videoen til Panda Bears “Slow Motion” er filma under konserten han spelte på Governor’s Island i New York 11. september i fjor. Regissør er Cherly Dunn, og klippet glir etter kvart over i eit intervju med artisten.

(Via Stereogum)

Eminem og Royce Da 5’9″ slepp sitt Hell: The Sequel neste veke, under namnet Bad Meets Evil. I videoen til singelen “Fast Lane” har både animasjonsteamet og det komiske talentet til Eminem fått fritt spelerom, og resultatet er underholdande som berre pokker:

(Via CoS)

Denne er strengt tatt ikkje for kven som helst, men dersom du er fødd med sterk mage er det gleda seg over nok ein knallsterk video frå Broken Social Scene. Det er ein makaber kjærleiksforteljing som utspeler seg i “Sweetest Kill”, med Bijou Phillips i rolla som kjæraste, giftmorderske og partør.

(Via Paste)

Ekstremt gjennomarbeida og forstyrrande fantastisk: Memory Tapes har ikkje tatt lett på videoen til låta “Yes I Know”, henta frå deira komande album Player Piano. Vekas kanskje aller beste, av regissør er Eric Epstein.

(Via SKoA)