Videorama!

Tyler, The Creator, Ryan Adams og Noel Gallagher er berre nokre av artistane med ferske musikkvideoar denne veka.

Tyler, The Creator gjer narr av alt og alle, inkludert seg sjølv, i den heller surrealistiske videoen til “Bitch Suck Dick”. Regissør er nok ein gong Tylers alter ego Wolf Haley.

(Via SKoA)

Ronni Vindahl frå det danske produsentkollektivet Boom Clap Bachelors har med seg Jenny Wilson og Coco frå danske Quardron på låta “The Question”. Videoen er, i mangel på eit betre adjektiv, svært skandinavisk.

(Via Soundvenue)
Jenter med kraftig augesminke og members only-jacker går hardt til verks i videoen til Ryan Adams “Lucky Now”, henta frå det nye albumet Ashes & Fire.

(Via Gigwise)

Endå ein enkel video frå ein kjenslevar kar med mjuk røst: Irske James Vincent McMorrow med “We Don’t Eat”:

(Via Hypetrak)

Wow, dude… Ingenting er som ein porsjon gode, gamaldagse kaleidoskopeffektar. Her i The Horrors’ nye video til “I Can See Through You”. Apropos: Høyr bandet covra Beyoncé her.

(Via SKoA)

Jamie xx slo seg nyleg saman med Londonkunstnaren Quayola for samarbeidsprosjektet Structures (interessant nok sponsa av Rizla). Under ser du ein del av resultatet – ein video til Jamies “Progress”. Ei liveframføring av prosjektet, samt ein del bakgrunn, finn du her.

(Via Disco Naïvité)

Lydverkets anmeldar var berre sånn passe nøgd med DJ Shadows’ siste album The Less You Know, The Better,  singelen “Border Crossing” vart til dømes skildra som “en uspiselig testosteronfylt “rockelåt” med prosessert gitarlyd”. For videoen til nemnde låt kan me no føya til at den tek tittelen svært bokstavleg.

(Via PopMatters)

Det britiske bandet Worship er ute med ein ganske så fin video til den ganske så fine låta “House Of Glass”. Sjå den her:

(Via Pigeons & Planes)

Synopsis for Noel Gallagher’s High Flying Birds video til “AKA…What A Life” (ta høgde for ei viss feilmargin): Ei ung og vakker servitrise vert freista av det sigøynarromantiske følget av husvogner som rullar forbi hennar gudsforlatte tilhaldsstad i ørkenen. Takka vere eit augeblikks dårlege dømmekraft, stig ho inn i ei av desse vognene, berre for å møta Russel Brand, med flosshatt. Han framfører ein nokså urovekkande tale, ledsaga av ei obskøn form for teiknspråk, og foreslår at ho skal ta ein slurk av ein flakong som inneheld ei ikkje-identifiserbar væske. Vår heltinne er skeptisk, og Russel Brand tilkaller sine to ganske heite kusiner for å øva overtalingas kunst. Det byrjar å sjå mørkt ut for vår heltinne, og brått befinn ho seg i eit bagasjerom. Til slutt dukkar heldigvis Noel Gallagher opp med eit videokamera og reddar dagen.

(Via NME)