Videorama!

Kva har nakne feministar, tidlegare Gallows-frontmann Frank Carter og Oral Bee til felles? Dei er alle med i denne vekas oppsummering av nytt på videofronten!

Førre veke var det R. Kelly og Van Halen som leia an – i denne vekas oppsamling av høgdepunkt på musikkvideofronten finn me alt frå fersk norske singer-songwriter-perler til dramatiske taktskifte frå tidlegare hardcoreheltar. Det er berre å finne seg godt til rette i kontorstolen: Her er vekas Videorama!

Sjå tidlegare Videorama!s her!

The Rapture – «How Deep Is Your Love»

«How Deep Is Your Love» frå fjorårets strålande In The Grace Of Your Love har kanskje eit hook som sender tankane i ufrivillig retning av Sisqos trusehymne frå 2000, men der sistnevnte viar store delar av videoen til unge damer nesten utan klede, konsentrerar The Rapture seg i sin video om eldre damer i ferd med å kle på seg. Vokalist Luke Jenner speler òg ei mykje mindre rolle i sin video enn det Sisqo gjer.

(Via The Fader)

Gabrielle – «Løkken»

Gabrielle verkar ikkje å ha planar om å sakka ned tempo med det fyrste, og «Løkken» er no ute som femte singel frå albumet Mildt Sagt. Videoen til låta er laga av Viqueen Films, og tek oss høgt og lågt i meir enn éin forstand. Om du er nysgjerrig på korleis innspelinga gjekk for seg, kan du ta ein titt på denne bakomfilmen!

Simian Mobile Disco – «Put Your Hands Together»

14. mai kjem Unpatterns, det tredje studioalbumet frå  Simian Mobile Disco. Elektronikaduoen er slett ikkje så verst på dette med videoar – førre singel «Saraphin» er eitt av fleire døme – men har lagt seg på ei temmeleg streng geometrisk linje med «Put Your Hands Together». Hypnotiserande nok:

(Via SKoA)

Gemini Club – «Can’t Believe You Said That»

Chicago-trioen er ute med EPen Here We Sit i desse dagar, og om du er sugen på ein dose indie-elektro før helga (kven er vel ikkje det?) kan den vere verdt å ta i nærare augesyn. Under ser du videoen til singelen «Can’t Believe You Said That»:

(Via Pigeons & Planes)

Morten Myklebust – «She She»

Med lang fartstid som låtskrivar og hjelpande hand i det norske musikkmiljøet, platedebuterar Morten Myklebust i dag som soloartist. Det sjølvtitulerte albumet har begge beina planta i god singer/songwriter-tradisjon, noko fyrstesingelen «She She» er ein fin illustrasjon på.

John Mayer – «Shadow Days»

Den merkeleg motsetningsfylte John Mayer er snart ute med albumet Born And Raised, og det er får dette me får singelen «Shadow Days.» Mayer er tydelegvis klar til å gå tilbake til røttene – med alle dei cowboyhattar, skinnjakker og manglande hårklypp det inneber.

Sjå videoen her!

Elliphant ft. Adam Kanyama – «Tekkno Scene»

Stockholmsjenta Ellinor Olavsdotter er på veg til å skape seg eit namn som Elliphant, etter visstnok å ha funne ut at ho ville bli artist etter å ha snubla full opp på scena på ein klubb i Goa, India. På singelen «Tekkno Scene» – som høyres litt ut som ein miks av Die Antwoord og Kreayshawn – har ho fått med seg den 16 år gamle hypen Adam Kanyama.

(Via The Fader)

Orango – «Roman Chocolate Cream»

Med eit fast grep om plekteret, og store porsjonar amerikansk 70-tal i blodet, er Orango for tida aktuelle med albumet Colonial Miltia Vol. 1. Under ser du videoen til «Roman Chocolat Cream», som er langt frå så klissete som tittelen kanskje skulle tilsei.

Of Montreal – «Spiteful Intervention»

Syretripp i måleverkstaden: Den Jesse Ewles-regisserte videoen til «Spiteful Intervention», henta frå Paralytics Stalks, er ikkje for dei som vert lett sjøsjuke.

(Via SKoA)

Oral Bee ft. Bosko – «C What It Do»:

Noregs mest amerikanske nesodding kunne denne veka endeleg vise resultatet av sin siste LA-tur.  Den inneheld alt ein kan ynskja seg av ein hyllest til englanes by (Hollywood-skiltet, bilkøyring, basseng), og litt til (tidlegare vinnarar av den norske utgåva av Paradise Hotel).

Pure Love – «Bury My Bones»

Frank Carter risikerer å polarisera fansen med sitt fyrste musikalske prosjekt etter at han slutta som frontmann i Gallows i 2011. «Bury My Bones» er fyrste offisielle klipp frå det komande albumet, og Carter erklærer her utvetydig at «I’m so sick of singing about hate / it never gonna make a change.» Her på kontoret er reaksjonane blanda – for ikkje å sei frontane steile.

(Via NME)

The Big Pink – «Lose Your Mind»

«Lose Your Mind» er siste singel ut frå den britiske duoens siste album Future This. Temmeleg hektiske greier:

(Via Stereogum)

Scissor Sisters – «Only The Horses»

Best tenkelege scenario for videoen til «Only The Horses», den dels Calvin Harris-produserte singelen frå Scissor Sisters’ Magic Hour: Den inneheld berre hestar. Og gjett kva? Det er nesten sånn det er. Ganske fin, faktisk.

(Via Idolator)

Souldrop – «Movement»

Etter å ha fått ei grei mengd med merksemd for videoen til «No Soul» – du veit den der ei viss kunstnardotter sniffa kokain naken – er dei bergenske elektronikagutane i Souldrop no ute med fersk singel – og video. Nakne kvinner er det framleis, men denne gongen i form av ukrainske feministdemonstrantar.

Stockhaus – «Dancing In The Dark»

Kristian Stockhaus (for fleire kjend frå bandet Ungdomsskulen) skulle plukka ut kva låt frå Colors, hans tredje soloalbum, som skulle få video, falt ikkje valet på singelen.  Derimot vart det «Dancing In The Dark», som visstnok trygla om å bli visualisert. Regissør Ole Sebastian Kaass vart satt på saken, og resultatet er knallfint.