Videorama!

Matt & Kim viser endeleg si harde side, Mogwai finn drømmedama og Lady Gaga lettar på sløret til si nye plate. Det er tid for vekas beste nye musikkvideoar!

Start helga med eit realt sukkerkick: She & Him er ekstremt søte i videoen til “Don’t Look Back”. Zooey Deschanel og M. Ward går tilbake til framtida, med all 50-talsestetikken som følger med.

(Via CoS)

Forventningane til Lady Gagas Born This Way kunne vel knapt ha vore høgare – er det mogleg å følga opp monstersuksessen The Fame? Fyrste smak på kva me har i vente kom i forbindelse med ein kortfilm som viser herrekolleksjonen til motehuset Mugler (Thierry Mugler) for FW 11/12, der Lady Gagas personlege stylist Nicoli Formichetti er creative director. Det er foreløpig berre ein remix, men spiss øyrene likevel.

(Via StyleList)

Skottane i Mogwai har latt seg inspirera av kultklassikaren Weird Science frå 1985 i videoen til “Rano Pano“, der to småkleine fyrar går inn for å skapa den perfekte kvinna. Dette er fyrste singel frå plata Hardcore Will Never Die, But You Will, som kjem ut 15. februar.

(Via The Guardian)

“Breaker, Breaker” er fyrste smakebit frå Peter, Bjorn and John si sjetteplate Gimme Some. Svenskane skrur opp tempoet, med det resultat at videoen berre varar halvanna minutt:

(Via CoS)

Matt & Kim lagar kanskje ikkje den mest aggressive musikken, men i videoen til  “Cameras” frå fjorårets Sidewalks brettar dei opp skjorteermene. Tippar dei hadde ein artig innspeling:

(Via MTV)

Zoo Kid, som eigentleg heiter Archy Marshall, er ein 16 år gamal londongut som i alle fall fortener at du følger med på han i tida framover. Ja, han ser akkurat ut som La Roux, og ja, mixinga er sådär. Men låta peikar mot bra ting i framtida.

(Via Pigeons & Planes)

Cold War Kids kjem ut med nytt album neste veke, som du allereie no kan streama gratis på nett. Fyrstesingelen “Louder Than Ever” har også fått sin eigen, litt forstyrrande musikkvideo, som gjer eit, ehm, skeivt blikk på dagens skjønnhetsideal.

(Via The Music Slut)