Voodoo etter oppskrift

Charlotte Thorstvedt og Mats Borch Bugge diskuterer nytt frå Eminem og Rihanna, Phil T. Rich som har blitt til Arif, og Skambankt som er tilbake.

I låtpanelet denne fredagen satt kjendis-DJ Charlotte Thorstvedt saman med vår faste deltakar, musikksjef Mats Borch Bugge.

Nivået på låtene denne veka låg uvanleg høgt – ein ny potensiell superhit frå Eminem og Rihanna, comeback frå Skambankt, og lovande hip hop frå Arif.

Trykk her for å høyra heile sendinga til Christine!

Eminem & Rihanna – The Monster

Eminem og Rihanna samarbeider igjen (Foto: Promo)
Eminem og Rihanna samarbeider igjen (Foto: Promo)

Sist gong desse to jobba saman, vart resultatet «Love The Way You Lie» – ein enorm hit. Klarar Eminem og Rihanna å gjenta suksessen med «The Monster»?

Mats: Me har allereie høyrt nokre låter frå Eminem sitt nyaste, og dei har ikkje vore veldig bra. Den er litt keisamt produsert, men refrenget er uimoståeleg og melodisk er den kjempebra.

Charlotte: Eg tykte «Love The Way You Lie» vart litt plagsom etter kvart ,så eg likte faktisk denne bedre! Det var ei bra poplåt.

Charlotte legg og til at Eminem var den første artisten ho såg på konsert åleine som ungdom. Gode minner fører til kraftige hjerteslag, og i dette tilfellet.

Charlotte:

christinehjerte7

Mats:

christinehjerte7

Høyr sangen her, via Youtube:


Skambankt – Voodoo

Kall det gjerne eit comeback, for det har gått nokre år sidan Skambankt sist var frampå med ny musikk. No er «Voodoo» her, til stor begeistring for panelet.

Charlotte: Den var dritbra. No angra eg litt på at eg ga sju til Eminem og Rihanna.

Mats: Musikk blir berre ekstra bra på fredagar. Eg var litt skeptisk før denne låta kom. Det svakaste punktet til Skambankt har alltid vore vokalen til Terje. Han er flink til å hyla, men slit litt meir når det kjem til melodi. Men dette er rett og slett oppskriftsmessig bra rock.

Christine vender seg mot Charlotte, som trass alt kjem frå nærleiken av Skambankt sine heimtrakter. Nokon nære relasjonar har Charlotte allereie avklart, men litt partisk er ho.

Charlotte: Eg har eit ekstra bankande hjarte for Stavanger-dialekta. Må vera så patriotisk at eg kan sei at alt blir betre med Stavanger-dialekt.

Alt i alt vart comeback-låta til Skambankt godt motteke av begge to.

Mats:

christinehjerte8

Charlotte:

hjerte85

Singelen kjem ut 11. november.

Vil du sjå kule live-opptak og lesa fleire låtpanel frå Christine? Trykk her.

Arif – Hun Bruker Meg

Phil T. Rich har blitt Arif. Her frå Urørtfinalen. (Foto: Rashid Akrim/NRKP3)
Phil T. Rich har blitt Arif. Her frå Urørtfinalen. (Foto: Rashid Akrim/NRKP3)

Han er kanskje betre kjend under namnet Phil T. Rich, Urørtvinnaren dette året. No nærmar detbutalbumet seg, og namnet har blitt endra til Arif.

Så langt har me ikkje høyrt så mykje meir frå den lovande Urørt-vinnaren, men denne veka kom «Hun Bruker Meg».

Charlotte: Eg likte den! Beaten var fengande. Det er ikkje ei party-låt med hæla i taket, men den var kul.

Charlotte spøker om at ho heng seg og opp i kor kul Arif ser ut, men er samd i Christine sin påstand om at han er ein av få i Norge som ser ut som ordentlege rockestjerner.

Mats: Eg tykkjer dette er ei vaksen låt. Den er meir tilbaketrukken enn det me forbinder med Arif. Som radiosingel er den ikkje innertier, men den har eit delikat refreng. Og han har ein tilbakelent flow som eg alltid har likt.

Hjerteslaga kom høgt opp på skalaen denne gongen og.

Charlotte:

hjerte75

Mats:

christinehjerte7