Musikkåret 2008 med P3

Alt du ikkje har fått sett eller gløymt at du har sett.

P3s musikkår 2008
P3s musikkår 2008

I heile 2008 har vi filma artistar og band, vi har spurd og gravd om alt muleg, satt saman utenkelege kombinasjonar som Satyricon og Lene Alexandra. Og for aller første gang har vi digga Melodi Grand Prix junior.

No har vi rydda litt i skuffer og skap for å plukke fram ting du kanskje aldri har sett eller gløymt at du har sett. Gjer deg klar for musikkåret 2008!

Vi anbefalar deg varmt å sjekke ut Lydverkets ganske så eksklusive spanderer. The Wombats, for eksempel, som henslengt leverer «Moving to New York» frå ein fluktstol på Hovefestivalen i sommar.

Resten av Lydverket Spanderer ser du her

Heilt i starten av 2008, kåra vi Matias Tellez til Årets Urørt i tidenes største Urørtfinale. Året før holdt Ida Maria tittelen. Ein del av premien var å få spele på Norwegain Wood og ettersom Matias var festivalens yngste artist kom Lørdagsrevyen på besøk. I oktober reiste Matias Tellez til Island med Urørt for å spele på ein av Europas viktigaste bransjefestivalar: Iceland Airwaves. Der mimra han tilbake til kvelden han vann heder og ære, og innrømmar at han eigentleg berre kom for å drikke seg drita:

23. januar 2009 er det klart for ny Urørtfinale, og dei nominerte kan du sjekke ut her. Ikkje gløym å stemme fram din favoritt! Du kan sjå Urørtfinalen 2008 i reprise her.

By:larm 2008 satsa på Norden, og sjølv om vi er naboar veit vi veldig lite om musikken til kvarandre. Her må islendingar, færøyingar, finnar, danskar og svenskar svare på kva dei veit om musikken til sine nærmaste naboar:

England derimot er vi oppdaterte på. Men kva har Amy Winehouse, Adele, Lily Allen, Katie Melua, The Kooks og Kate Nash til felles anna enn britiske pass? Jo, dei har alle gått på talentskulen Brit School i London. «Chasing Pavements»-Adele Adkins forklarar:

Sjarmis og småfrekke The Kooks vokalist Luke Pritchard, hadde sex bak hovudscena på Hovefestialen. Og det berre ein time etter sin eigen konsert på same scene. Men før den tid, var han og bandkollega Hugh Harris på besøk i Lydverket og leverte akustiske versjonar av musikken sin:

Sjå alt med The Kooks i P3tv!

Og apropos England, alle fekk sjokk då dei såg Newton Faulkner for føste gang! Han syng som James Blunt, men er mykje kulare:

Dette er Musikkåret 2008 med P3 del 1

Les også: Musikkåret 2008 med P3 del 2

Les også: Musikkåret 2008 med P3 del 3