2008 vil for Madrugada stå som det året dei gav seg. I fjor døde Madrugada-gitarist og My Midnight Creeps-frontmann Robert Burås. Her kan du gå inn å sjå dokumentaren om starten, folka og bandet.
* Madrugada dokumentar del 1
* Madrugada dokumentar del 2
Vampire Weekend si debutplate blei kåra til årets beste album av Lydverket. Vi har fulgt bandet i heile år. Dette intervjuet blei gjort for snart eitt år sidan i den spede start og lenge før dei tok publikum med storm på Hovefestivalen:
Hugsar du då Kampani Knudsen tok meg seg Real Ones og lagde konsert for alle som bur i kollektivet i Vibeke Løkkeberg sin enorme villa? Det var gøy:
Real Ones har vert på besøk hos P3 fleire gangar i løpet av året, kos deg med alt her!
Ida Maria har hatt eit enormt produktivt år. Det er nesten vanskeleg å følgje med på alt ho får gjort, dama er jo over alt. Her fekk ho seg ein pause på sjokoladefabrikk i Willy Wonka-kostyme:
Alt med Ida Maria ser du her.
Jason Mraz kom med sommarbrisen, men har holdt koken til langt ut på vinteren. Sist vi såg han var på Nobels Fredspriskonserten, der også Marit Larsen og Diana Ross sang. Uansett, her gjer han «I’m yours» hos P3tv:
Lene Alexandra har med vilje gitt seg sjølv eit gigantisk bimbostempel. Satyricon-vokalist Sigurd Wongraven, derimot er blodseriøs og setter høge krav til seg sjølv, bandet og ikkje minst til journalistar. Skepsisen var difor til å ta og føle på då puppe-prinsessa leikte reporter: