I 2008 trengte du ikkje vere voksen for å lage bra musikk. I Brooklyn, New York, dukka det opp tenåringsband som spelte fletta av fleire etablerte band:
Her i Norge har vi jo vårt eige eksempel, The BlackSheeps med «Oro Jaska Beana». Her covrar dei Yeah, Yeah, Yeahs låta «Gold Lion»:
Behemoth covra Turbonegerlåta «I’ve got Erection» på Hovefestivalen. Kven har best versjon eigentleg?:
Gatas Parlament inngjekk eit samarabeid med Osenbanden om å lage ei aktuell politisk låt i veka. Resultatet blei så bra at dei gav ut alle låtane på ei plate dei kalte for «Apocalypso». P3tv blei med då dei lagde låta «Asylhotell Ritz»:
Store delar av musikkmiljøet i Bergen mista instument og øvingslokale då sjøboden som husa fleire band brann ned i haust. Heldigvis kom ingen til skade i brannen, men fattige band stod igjen utan utstyr. Slikt luktar det dugnadsånd av:
Går det an å ha sex til musikk du har laga sjølv? Vi spurte Danko Jones, Joey Castillo frå Queens of the Stone Age, Thomas Dybdahl, Justice og Madcon om det. Gjett kven som svarte ja:
Iron Maiden kom til Norge i 2008. Hurra! I den forbindelse la vi ut ein dokumentar om bandet, laga av Per Sundnes. Her får du den i reprise:
* Iron Maiden-dokumentar del 1
* Iron Maiden-dokumentar del 2