Musikken er viktigare enn russetida

UKAS URØRT: 900.000 lyttingar på Spotify og Slottsfjell til sommaren. I år er musikken førsteprioritet for girl in red.

– Eg var forelska i ho, ho var ikkje forelska i meg. Det høyrest ut som ein klassisk start på ei ulykkeleg kjærleikshistorie. Og det var det jo.

Det fortel Ukas Urørt, girl in red.

«I don’t wanna be your friend, I wanna kiss your lips» syng ho i låta «I wanna be your girlfriend». Songen handlar om jenta ho aldri fekk, og er historia om korleis Marie Ulven fekk artistnamnet sitt.

– Det var sommaren 2017. Vi var på festival og leitte etter kvarandre i folkemengda. Då eg fann ho hadde ho på seg raud genser, og eg teksta henne «girl in red». Det augeblikket var utruleg håpefullt, men samstundes jævlig trist. Ho var så glad og smilte sånn, og det gjorde jo eg òg. Men eg visste at ho aldri kom til å forelske seg i meg. Då måtte eg berre skrive denne låta om henne.

Urørt meiner:

I eit upolert indie-univers der gitar og vokal står i sentrum, leverer låtskrivartalentet frå Horten ærlege og personlege tekstar av høg kvalitet. Med fengjange melodiliner og eit nedstrippa, lo-fi uttrykk, er «i wanna be your girlfriend» ei låt som passar perfekt på spelelistene i sommar!

Vekk frå glattpolert pop

19-åringen frå Horten har sunge mykje i dusjen opp gjennom åra. Men ho starta med musikk for alvor då ho fekk ein gitar av bestefar til jul i 2013. Personlege erfaringar er ofte synlege i låtene hennar.

– Eg tek ofte utgangspunkt i ting som skjer i verkelegheita, ei ekte kjensle eller oppleving eg har hatt, og så kan det hende eg pyntar litt med fiktive ting for at det skal fungere i teksten.

Promoter musikken din på Urørt
Promoter musikken din på Urørt

– Mange synest ikkje tekst er så viktig, men det er det for meg. Eg las ein gong at «musikk gir tekst ein anna dimensjon». Det er tekst og melodi saman som kan få fram dobbelt, trippelt og ein million gongar så mykje. Tommel opp for god tekst! Elles diggar eg indie og indie-kjensla.

Har du alltid halde deg til Indie-sjangeren og hatt det uttrykket du har no?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Viss du høyrer på dei tidlegare greiene mine, særleg den siste EP-en eg slapp i fjor, det var mykje meir pop. Litt sånn glattpolert pop som ein høyrer på radio heile tida.

Etter at ho byrja leike seg i musikkprogrammet Garage Band i fjor, produserer girl in red no all musikken sin sjølv frå jenterommet heime i Horten. Musikken blir meir og meir populær, og topplåta hennar på Spotify, «Summer Depression» har så langt 900.000 lyttingar.

– Det er ganske sjukt på så kort tid! Det skjedde jo heilt ut av det blå. Det er så rart å ta innover seg, for det er jo eg som har laga låta, og SÅ mange menneske har høyrt på ho. Det er veldig kult og surrealistisk.

Jenta i russeraudt

Marie går tredje året på medielina på Horten vidaregåande. Det blir nok ei roleg russetid, trur det unge låtskrivartalentet.

– Med jobb, skule, eksamen, girl in red-prosjektet og konsertar er det ganske mykje på tallerkenen akkurat no. Eg er jo russ, men kanskje ikkje så mykje? Eg har ikkje kjøpt meg bukse eller noko, men eg fekk låne ei brukt russebukse av venninna mi. Prøver å tenke berekraftig!

I sommar står Horten-jenta på P3-scenen på Slottsfjell. Det same gjer artisten Safario, tidlegare vekas Urørt i P3, og klassekamerat av Marie.

– Eg hugsar vi sat saman på toget for eit år sidan, og han sa at «Marie, neste år skjer det». Og i år skal vi begge spele på Slottsfjell!

Så langt har ho berre spelt to konsertar, og gler seg til fleire.

– Eg er ikkje så driven på den live-greia, så det har eg lyst til å jobbe meir med, spele på fleire festivalar. Elles skal eg fortsette å lage meir musikk frå pikerommet mitt i sommar.

Sjekk ut kva girl in red høyrer på når våren kjem: