nrk.no
«Aisha» står i profil, men alt me ser er håret og skuldrene hennar. Ho har sett opp den mørke lange håret med ein strikk, mens resten fell nedover ryggen hennar. Bildet er mørkt, men eit rosa lys fremhev håret og skjorta ho har på seg.
FRAMAND TANKE: For «Aisha» er det heilt merkeleg å tenka på at folk går på byen med mål om å få seg eit ligg. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Når «Aisha» fortel om legningen sin, trur ikkje alle på ho

Korleis er det å ikkje ha lyst på sex, flørting eller romantikk?

«Aisha» er utåtvend. Ho er i tjueåra, student, har ein god vennekrets og kjærast.

Ho beskriv forholdet til kjærasten som at dei er gode venner, men med litt meir nærleik. Dei søv i same seng, og kan lena hovuda inntil kvarandre når dei ser på TV.

Dei kysser aldri, men kan gje kvarandre ein kjapp smask. Råklining er uaktuelt. Dei leier ikkje hender, men kan halda kvarandre i armkroken.

Dei har aldri hatt sex.

– Eg håper ikkje at det er eit for stort problem for han, og at han berre ikkje vågar å seia ifrå. Eg høyrer stadig om folk som seier at «eg kunne aldri vore saman med nokon som er aseksuell», fortel ho.

Aisha meiner ho er heldig som er saman med nokon som aksepterer legningen hennar.

– Eg trur ikkje det er så lett å finna, for eg har inntrykk av at sex er heilt essensielt i 99,9 prosent av forhold.

– Ikkje eit val

Aisha ler mykje mens ho fortel om erfaringane sine, men under latteren ligg det hint av frustrasjon. For når ho har fortalt til folk at ho er aseksuell, er det er særleg tre typar svar ho har fått:

«Er du sikker på at du ikkje er lesbisk? Har du prøvd å vera med ei jente?»

«Men du må ikkje låsa deg, då. Alt kan skje!»

«Det kan jo vera at du berre ikkje har møtt den rette enno?»

– Eg blir ofte møtt med tvil og sjeldan med forståing, så det kan vera litt frustrerande. Det er så utruleg for dei at nokon kan vera aseksuelle, seier ho.

Aseksualitet er noko som er ukjent for mange, så no ønsker Aisha å vera ei stemme for dei aseksuelle. Men å stilla med sitt ekte namn, blir litt for skummelt, derfor vil ho vera anonym.

– Når det kjem til legning, er eg ikkje så opptatt av boksar. Eg er ikkje hetero, men eg er ikkje bi heller, for det er ikkje kjønnet som har noko å seia for meg. Men akkurat når det kjem til aseksuallitet, var eg veldig glad for å finna ein bås, for då skjønte eg at det var fleire enn meg, forklarar ho.

Eit heilt svart bilde blir brutt opp av ein rosa siluett. «Aisha» blir slukt av mørket, mens håret og profilen av andletet er rosa. Me ser alle hårstråa tydeleg i det rosa lyset.
LØYNDOMMEN: Foreldra til Aisha veit ikkje at ho er aseksuell. Ho trur ikkje dei hadde brydd seg, men synest det blir litt rart å snakka om sexlivet sitt til foreldra. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Så, aller fyrst: Kva vil det seia å vera aseksuell?

Ifølge Aisha trur mange at aseksuelle har tatt eit frivillig val om å leva i sølibat, eller at dei må ha opplevd noko traumatisk som gjer at dei ikkje ønsker å ha sex.

Men denne følelsen er ikkje noko ho kan kontrollera. Ho har rett og slett aldri hatt lyst på sex eller vore kåt.

– Det er ikkje eit val, det er berre slik eg er. Ein kan ikkje ha nyting utan tiltrekking. Nokon samanliknar det med å eta noko ein ikkje liker. Det er ikkje noko lyst der, uansett kva som skjer, så er det ikkje der, forklarar ho.

«I think I might be broken»

Gjennom oppveksten trudde Aisha at ho berre var litt seinare utvikla, og at tiltrekkinga som dei andre kjente på, ville komma etter kvart.

Men då ho var rundt 19 år gammal, begynte Aisha å mistenka at ho ikkje var heilt slik som «alle andre». Då vennane hennar sa at dei hadde sex med nokon, trudde ho at dei laug. Slikt var jo berre for vaksne og folk på TV?

– Eg har aldri forstått det med seksuell spenning, og det var jævlig forvirrande på vidaregåande. Då folk flørta med meg, skjønte eg det ikkje, seier ho og ler litt frustrert.

Aisha kunne vera keen på andre, men lysten på hooking og sex meldte seg aldri. Likevel har ho hatt sex.

– Det er litt fælt å seia, men eg følte litt at eg valdtok meg sjølv. Ein føler seg pressa til å seia ja. Samtykket er der, men eigentleg ikkje.

Aisha står sidevendt, med ryggen frå. Himmelen bak ho er lyselilla, brutt opp av det gule lyset frå bygningane i bakgrunnen.
OPEN FOR ALT: Dersom Aisha ikkje har kjærast i framtida, trur ho at ho kunne trivest med å bu aleine, med ei venninne eller ein katt. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Sjølv om Aisha har vore sikker på orienteringa si i fleire år no, fortel ho at det kan vera vanskeleg å manøvrera seg i eit samfunn der sex, forhold og romantikk gjennomsyrer nesten alt.

– Eg føler meg unormal når eg ser ei sexscene på TV og ikkje heilt forstår kva som skjer, sjølv om eg har vore seksuelt aktiv. Eg forstår at folk synest det er rart, for eg har lært av media og alle rundt meg at det å ikkje ha lyst på sex, er utenkeleg for folk.

Det er lett å føle seg usynleg i ei verd der ein sjeldan kjennar seg att, men for nokre år sidan såg Aisha ein aseksuell bikarakter i Netflix-serien «Sex education».

Ho sa setninga: «I think I might be broken.»

Det var akkurat det Aisha hadde kjent på før ho fann ut at ho var noko som heitte å vera aseksuell – at ho var øydelagt.

– Eg vart nesten litt rørt då eg såg det. Det er så mange som tenker akkurat det, at det er noko som ikkje funkar.

Aseksualitet er ikkje svart-kvitt

Aisha har kanskje ikkje lyst på sex, men andre aseksuelle kan ha sex av ulike årsaker.

For aseksualitet er ikkje svart-kvitt, men eit spekter der folk opplever tiltrekking og lyst i ulik grad.

– Mange aseksuelle har eit sexliv, men det er berre at dei ikkje kjenner tiltrekkinga på same måte som dei fleste andre. Mens andre er heilt aseksuelle, slik som meg sjølv. Det er aldri noko eg har lyst til, fortel Aisha.

Sunniva Árja Tobiasen er universitetslektor ved Universitetet i Oslo og har skrive masteroppgåve om aseksualitet.

Hen fortel at definisjonen av aseksualitet har blitt meir nyansert dei seinare åra, men den enkle versjonen er at du ikkje blir seksuelt tiltrekt av andre menneske.

Sunniva smiler og held hendene folda framfor seg. Hen har på seg ein svart gensar, klokke og briller. Hen har kort, krøllete brunt hår. Hen står framfor ein bilveg og det er snø på bakken bak hen.
LITE UNDERSØKT: Forskinga på aseksualitet som me kjenner ho, har berre eksistert i om lag 20 år, fortel Sunniva Árja Tobiasen. Foto: Marit Eide, NRK P3

Du kjenner altså ikkje på den følelsen av å sjå ein annan person og tenka: «Dei har eg lyst til å ligga med.»

Men så finst dette i varierande grader.

Nokon aseksuelle har sex med seg sjølv, men vil ikkje ha det med andre. Nokon kan ha lyst på sex med partnar innimellom, og andre treng ei sterk emosjonell tilknyting for å ha lyst på sex.

– Så det er ikkje sånn at det er anten av eller på. Det kan gå opp og ned, vera flytande og kontekstavhengig. Når eg snakkar om aseksualitet, så meiner eg altså heilskapen i dette spekteret, forklarar Tobiasen.

Hen understrekar at alle kan ha periodar i livet der ein ikkje har lyst på sex eller ikkje føler seg tiltrekt av andre. Dette er heilt normalt og treng ikkje bety at du er aseksuell.

Forskjellen er at aseksuelle opplever denne manglande tiltrekkinga og lysten i så stor grad, at det følest riktig for dei å identifisera seg som aseksuell.

Det er vanskeleg å seia nøyaktig kor mange som er aseksuelle. Dette kjem av at det er få som kjenner til orienteringa og at det er lite forsking på det, men Tobiasen fortel at det gjeld om lag ein prosent av befolkninga.

– Det er omtrent like mange aseksuelle som det er folk med raudt hår.

Ikkje eit typisk kjærastepar

Aisha har ikkje noko behov for sex, men ho har heller ikkje noko særleg behov for romantikk.

Dei siste åra har ho tenkt at ho nok er litt aromantisk.

På same måte som aseksuelle ikkje har lyst på sex, har ikkje aromantiske lyst på romantikk og nærleik. Aseksualitet og aromantikk kan henga saman, men ein kan òg berre vera ein av delane.

– Eg kan kjenna på sommarfuglar og bli fnisete, men det er ikkje så ofte. Eg kan bli forelska, men er meir aromantisk på den måten at eg ikkje oppsøker romantikk, forklarar Aisha.

Også når det kjem til aromantiske er det eit spekter: Ein kan vera aromantisk og kjenna at ein aldri vil vera i eit forhold, eller ein kan ønska å vera i eit forhold samstundes som ein ikkje har eit sterkt behov for romantikk.

«Aisha» står hallveigs vendt vekk frå kameraet. Me ser ikkje andletet hennar, men me ser det lange mørke håret som ligg over skuldra og bak i hetta på jakka. Det er eit lilla lys over henne, og bakgrunnen er varm frå lyset frå bygningane.
ROMCOM-SKILJET: Når Aisha ser ein film, kjenner ho seg sjeldan att i dei romantiske scenane: – Det er hyggeleg, men ikkje relaterbart. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Aisha har vore saman med kjærasten sin i fleire år. Ho fortalde han om legningen sin så fort dei begynte å deita, og så vidt ho veit, er ikkje han aseksuell.

– Sjølv om eg har vore i forhold tidlegare og er i eitt no, har eg ingen sterke romantiske dragningar eller behov for å ha ein kjærast. Eg trur at forholdet mitt ikkje er så romantisk i den forstand som folk flest kjenner på.

Aseksuelle blir sjukeleggjort

Mange kan nok synast at det er rart at aseksuelle eller aromantiske er i eit forhold. Kvifor tenker me slik?

Universitetslektor Sunniva Árja Tobiasen trur det er fordi me har blitt opplært til at romantikk, kjærleik og sex er tre sider av den same tingen, eller at alt det heng i hop.

– Men eg trur at dersom folk tenker litt over det, så veit dei godt at ein kan hooka opp med nokon utan å vera forelska, eller at ein kan lika nokon skikkeleg godt, men ikkje ha lyst til å ha sex med dei, seier Tobiasen.

Hen meiner at det er så framand for folk å tenka på at nokon menneske ikkje har lyst på sex, at dei gløymer at ein sjølv ikkje har lyst på sex 24/7. Folk flest har heller ikkje lyst til å hooka med alle ein møter.

Ein saknar ikkje noko som ein ikkje har behov for, og slik er det med aseksuelle og aromantiske, forklarar Tobiasen.

Det at aseksuelle kan føle seg unormale eller øydelagde, slik som Aisha og karakteren i «Sex education», meiner Tobiasen kan komma av at me som regel tenker at seksualitet er positivt og lystprega.

– Me ser framsider på aviser der det står: «Har du dårleg sexlyst? Har du mista gnisten i forholdet?» Det blir sjukeleggjort og problematisert dersom du ikkje har sex i forholdet ditt, eller dersom du ikkje søker etter å ha eit aktivt sexliv.

Dette er ein av dei store fordommane som aseksuelle møter på, ifølge Tobiasen, og det er kanskje derfor Aisha ikkje alltid blir tatt på alvor når ho fortel om legningen sin.

Annleis, men ikkje eit offer

Det at folk ikkje greier å ta inn over seg at ein person aldri kan ha lyst på sex, er Aisha lei av.

– Dei forstår det jo ikkje, på same måte som at eg ikkje forstår dei. Men eg har jo fått det pressa opp i trynet, så eg har jo lært meg å forstå det, fortel ho.

Me ser «Aisha» bakfrå. Det mørke håret og jakka hennar går nesten i eitt. Siluetten hennar blir lyst opp av eit lilla lys, som gjer at du ser alle hårstråa frå det lange håret som krøller seg av regnet. Lilla regn fell frå den mørke, regntunge himmelen.
SIN EIGEN FLYT: Aisha føler at aseksualiteten hennar er meir ein identitet enn ein legning: – Eg føler at eg har ein flytande ikkje-eksisterande legning, forklarar ho. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Aisha lever godt med vera aseksuell og aromantisk, ho liker seg sjølv som ho er. Det er meir i møte med andre at problema dukkar opp.

– Når eg seier det til andre, tar det større plass enn det eg vil det skal ta, på grunn av at det er så uvanleg og sjeldan å vera aseksuell. Ein får støtt høyra kor rar og unormal ein er, seier ho, pausar og fortset:

– Eg føler meg ikkje som eit offer, men det er meir uheldig, fordi det har sine problem. Men i mitt liv føler eg at eg har komme meg ganske så fint unna det. Eg har alltid vore aksepterande mot meg sjølv. 

Hennar siste oppfordring til andre er at ho ønsker å bli møtt med meir nysgjerrigheit og mindre tvil.

– Ikkje spør «er du sikker»-spørsmål, fordi eg er ein vaksen person som har reflektert over dette i fleire år. Eg vil heller at folk skal forstå at det er mogeleg, at det er ikkje så mange som er slik, men me eksisterer – så anerkjenn det!

Dette var Aisha si oppleving av å vera aseksuell og aromantisk, men spekteret er stort og opplevingane vidt forskjellige.

Derfor skal me neste veke møta aseksuelle Kristoffer som kan bli stormande forelska, men som ikkje har lyst til å ligga med dei han liker.

LES MEIR OM SEKSUALITET:

Siste fra P3.no: