Niklas Baarli meiner at skapet må bort: – Det er eit torturkammer

«Å komme ut av skapet» er noko dei fleste skeive må igjennom. Men kvifor finst det eit skap – og er det på tide å riva det ned?

Benjamin Silseth (29) tenkte at det ikkje ville bli eit problem å komma ut som skeiv for familien. Mora sine bestevenner var trass alt eit homofilt par, men han var uansett dritnervøs.

– Ein føler jo at ein har bore på verdas største hemmelegheit i mange år. Det er noko som er så avslørande om seg sjølv, og så skal nokon andre få lov til å bestemme om dei godtar deg eller ikkje.

– Det er jo eit heilt sjukt opplegg eigentleg når ein tenkjer på det. Det var ei rar oppleving. Eg er glad eg slepp å komma ut av skapet igjen.

Familien hans reagerte som venta – med varme og aksept. Men kvifor er det slik at homofile må komma ut av eit skap? Kvifor er det forventa at skeive må annonsera legningen sin til verda?

– Ein blir antatt heterofil, til ein kjem ut

Benjamin har vore kjærast med programleiar Niklas Baarli (31) i over åtte år, og til neste år skal dei gifta seg. Begge to ser på skapet med blanda kjensler.

– Normalen er jo å vera heterofil, så med ei gong ein viker litt vekk frå den heterofile linja, så blir det noko som ein må annonsera, og då etablerer det skapet seg. Eg har litt forståing for det, samstundes som eg skulle ynskja at det ikkje var sånn, seier Benjamin.

– Ein blir antatt heterofil, heilt til ein kjem ut av skapet, supplerer Niklas.

Begge meiner at det kjem av korleis me er lært opp til å tenka på seksualitet. For mange går seksualitet hand i hand med skam.

– Fram til ein lærer opp barna sine til at seksualitet er flytande og ikkje noko som ein treng å analysera, så trur eg me kjem til å ha dette problemet med at ein alltid må komma ut av skapet, dessverre. Det er like viktig å komma ut av skapet som det er å få vekk skapet i det heile, seier Niklas.

– Skapet er eit torturkammer

Han meiner at ved å normalisera seksualitet, vil ein automatisk bli kvitt skapet. Dersom det er like sjølvsagt at ein kan ha jentekjærast ein dag og gutekjærast den andre dagen, vil det ikkje lenger vera nødvendig å ha eit skap å gøyma seg i. Dette er Benjamin einig i:

– Om me får litt meir normalisering av seksualitet og legning, vil det kanskje ikkje vera behov for det skapet. Det er jo målet. Men førebels meiner eg at ein treng skapet litt, argumenterer han.

– Har skapet på eit tidspunkt vore til hjelp for nokon?

– Eg veit ikkje om det har hjelpt nokon, eg. Det er eit torturkammer, seier Niklas, før Benjamin skyt inn:

– Dersom ein skal tenka litt praktisk på det, så har skapet hatt ein funksjon ved at det bidrog til overleving for dei som måtte halda seg i skapet då homofili var ulovleg. Så det skapet har ein enorm funksjon sånn sett. Det er mykje i naturen som har hatt ein funksjon, men som eigentleg ikkje har det no lenger – likevel tar det hundrevis av år før naturen kvittar seg med det. Slik er det med det skapet òg.

«Herregud, dette kjem til å bli så sjukt vanskeleg»

– Dersom de kunne unngått heile den prosessen med å komma ut av skapet – ville de ha latt vera?

– Dersom eg hadde følt at det ikkje var noko behov for det, hadde eg absolutt aldri komme ut av skapet. Men verda er slik at det framleis er behov for å definera seg og for å setja seg sjølv i bås. Det følte eg i alle fall. Og eg var ganske letta då eg endeleg fekk plassert meg sjølv i verda, vedgår Niklas.

– Ein skal ikkje vera redd for å omfamna sin eigen identitet heller. Kjennest det riktig å komma ut av skapet og annonsera det, så gjer det. Men dersom du føler for å ta ein smooth overgang, der du berre nemner det casual i ei setning, så gjer det, oppfordrar Benjamin.

Slik valde artist Marie Ulven (21), betre kjend som «Girl in Red», å gjera det. Ho skjønte at ho var skeiv då ho byrja på ungdomsskulen.

KOM UT: Marie Ulven, betre kjend under artistnamnet «Girl in Red», er glad for at det ikkje vart ei stor greie, då ho kom ut av skapet. Foto: Kim Erlandsen

– Då byrja eg å sjå på masse «coming out»-videoar og vart veldig fasinert av det. Videoane var av folk som kom ut av skapet, og der græt dei alltid så mykje, så eg hugsar at eg tenkte: «Herregud, dette kjem til å bli så sjukt vanskeleg».

– Eg har berre lyst til å leva

Men det tok fleire år før ho kom ut.

– Eg tenkte på det veldig lenge, og eg undertrykte det lenge. Eg hugsar eg vart spurd om eg var bifil, og då sa eg: «Nei, eg er ikkje gay ein gong, eg er streit.»

Den fyrste personen Marie sa det til, var mora. Då var Marie blitt 16 år gammal.

– Det var kjempelett, for så vidt. Eg sa berre til mamma over telefonen at eg ikkje hadde lyst å komma heim frå venninna mi som eg var på besøk til, fordi eg var forelska i ho. Då sa ho berre at det visste ho, men at eg måtte komma heim fordi eg hadde innetid om ein time. Så det var superchill og ikkje noko å bry seg om.

Ho er glad for at det å komma ut ikkje vart ei stor greie.

– Eg hadde ikkje lyst til det. Eg trur at det er ingen som har lyst til å komma ut av skapet, ein vil jo berre eksistera. Skapet er jo eit samfunnskonstruert konsept, det er ikkje noko naturleg som ein er fødd med. Så for min del har eg berre lyst til å leva, slik som alle andre som har ein seksualitet utanom det vanlege – og akkurat slik som heteronormative, fortel artisten.

Fleire som ikkje definerar seg sjølve

Det at å komma ut av skapet har blitt ei stor hending, meiner Niklas er dumt. Han meiner at det kan gjera det ekstra skummelt for unge skeive å skulla ta det steget. Men Benjamin påpeiker at denne hendinga kan føra til viktige og fine augneblikk.

– Når ein er såpass usikker på seg sjølv og eigen identitet, så er det veldig godt å få aksept og varme og tryggleik frå dei rundt deg når du fortel om noko som du har kjent på så lenge. Det å få kjenne på at du er god nok slik som du er, er kjempeviktig, seier Benjamin.

Niklas meiner at han ser ei endring blant unge i dag, der fleire og fleire nektar å definera seg sjølve og legningen sin.

– Det meiner eg er med på å fjerna det skapet litt, samstundes som det skapet er ekstremt framståande i dag. Eg håpar at den unge trenden med å nekta å la seg definera, fortset, slik at ein kan riva ned det behovet ein har med å setja folk i bås.

– Men eg trur dessverre at skapet i aller høgaste grad, framleis er der i dag. Eg trur det er mange som tilhøyrer andre kulturar der det ikkje er like brei aksept for andre legningar. Der mister ein mange unge som blir skubba inn att i skapet, skyt Benjamin inn.

– Me kan ikkje lena oss tilbake og slappa av, for det er framleis mange der ute som treng hjelp til å få aksept. Hei til alle homofile muslimar! seier Niklas og vinkar.

Skapet er tydlegast i religiøse miljø

Familieterapeut og sexolog Thomas Winther fortel at det er mange som har stått på barrikadane for å normalisera det at menneske kan ha andre seksuelle lyster enn ein sjølv.

– Mange unge har kanskje ikkje vore inni eit skap, for no er det mange unge som tør å stå fram mykje tidlegare. Det er takka vere pionerarbeidet som mange andre har gjort. Forhåpentlegvis er me på god veg til å fjerna heile skapet, seier Winther.

FLEIRE ÅRSAKER: Familieterapeut og sexolog Thomas Winther fortel at religion har spelt ei stor rolle til kvifor skapet vart bygd. Foto: Privat

Han meiner at ungdommen i dag er mykje meir liberal i forhold til korleis det var då han sjølv vaks opp for 30–40 år sidan.

– Barn og vaksne aksepterer i større grad at ikkje alle er like, så utviklinga har gått i riktig retning. Eg tenker at me kjem til eit punkt der skapet ikkje er så gjeldande meir, men samfunnet blir nok ikkje så liberalt at ingen skap finst.

– Men dei skapa vil nok vera konsentrert i dei meir konservative delane av samfunnet, påpeikar han.

Winther trekkjer blant anna fram at mange religiøse miljø framleis ikkje er særleg liberale til skeive.

– Religion er nok framleis ei stor påverkingskraft, og hjå dei religiøse er nok skapet mykje tydlegare enn hjå majoriteten av befolkninga.

– Det er mange som er ansvarlege for det jævla skapet

Men kvifor etablerte skapet seg i utgangspunktet? Ifølgje Winther er det tre hovudfaktorar som har bidratt med plankar og spiker til bygginga av skapet. Dei faktorane er psykiatrien, loven og ikkje minst – religion.

– Alle desse har på ein eller annan måte påverka vår seksualitet og seksualiteten som me ser i samfunnet i dag. I religion er homofili ofte sett på som noko som har vore ugreitt. Fram til 1972 var det forbode å vera homofil i Noreg. Sjølv om me har gått ein lang veg derifrå, så er me framleis påverka av dette.

Winther meiner at sjølv om han ikkje er kristen i dag, er han – og alle andre – påverka av det som skjedde i 1024, då Olav den heilage innførte kristendommen.

– Det har lenge vore sett på som noko som ikkje har vore heilt friskt, ikkje heilt sunt og ikkje heilt lov. Dermed har det skapet blitt plassert der.

Winther fortel at før kristendommen kom til landet, hadde samfunnet eit ganske annleis syn på seksualitet.

– Før 1024 hadde me Gulatingsloven, og der var seksualitet sentralt og opent. Det var mykje meir liberalt i forhold til sex med same kjønn og sex med fleire partnarar – og så kom kristendommen.

Og med religionen kom altså skapet.

– Religion har dårleg innverknad på mykje av det som kunne ha vore bra her i verda. I tillegg er det mykje kultur også, fortel Benjamin medan Niklas nikkar og legg til:

– Generelt har leiarane i verda vore ræva. Det er mange som er ansvarlege for det jævla skapet.

Ei privilegert kampsak?

Marie meiner at me må kvitta oss med skapet. Dette har vore noko ho har snakka høgt om ved fleire anledningar.

– Eg har sagt at me må få vekk skapet – og at me må slutta å seie «komma ut av skapet», berre fordi eg synest det er eit utdatert omgrep.

PRIVILIGERT: Artist Marie Ulven meiner at kampen for å bli kvitt skapet er ei priviligert kampsak, dersom ein ser på rettigheitane til skeive i resten av verda. Foto: Lars Opstad

Men nyleg har det slått ho – dette er ein kampsak med ein privilegert ettersmak.

– Eg er liksom ei eller anna «white girl» i Noreg som seier at me må slutta med å måtte komma ut av skapet, men det er framleis 68 land i verda der homoseksualitet er kriminalisert. No har eg skjønt at ja, skapet må vekk, men det er nesten ein futuristisk tanke i dagens samfunn.

Ho meiner at skeive er privilegerte i Noreg, dersom ein samanliknar med mange andre land.

– No synest eg det er litt uviktig, for det er ingen som er fri før alle er frie. Med Black Lives Matter-bevegelsen har eg sett det endå meir, slik som korleis svarte transkvinner blir drepne i USA.

– Me må ikkje bli for komfortable her i Noreg, for me har ein skikkeleg lang veg å gå. Eg håpar at det ein eller annan gong vil bli bra, seier Marie med eit sukk.

Niklas og Benjamin er einige i at kampen ikkje er over. Dei meiner at det er viktig at ein fortset med å synleggjera seg sjølve i samfunnet.

– Verda er i ferd med å bevega seg baklengs i mange land. Rettigheitene går tilbake. USA har akkurat tatt tilbake ei lov, slik at ein igjen har lov til å diskriminera homofile. Mykje tyder på at me hadde god vind i segla ganske lenge, og så har me blitt late og slutta å skrika høgt nok. Dersom me skal komma til ei samfunn der ein ikkje treng eit skap lenger, då må alle stå på ordentleg og aldri senke guarden, fortel Niklas.

– To skritt fram, eitt tilbake, seier Benjamin medan han rister forsiktig på hovudet.

Kom ut til mora på MSN

Niklas kom gradvis ut frå han var 14 år gammal. Fyrste personen han kom ut til, var mora.

– Det starta med mora mi, som spurde meg om det på MSN Messenger. Ho skreiv: «Eg har berre lyst til å spørje deg om ein ting. Er du homo?» Eg svara ja. Så kom ho springande ned trappa medan ho grein og sa: «Eg er glad i deg uansett! No reiser me på danskebåten», fortel Niklas medan han ler.

Han hadde tenkt på korleis han skulle komma ut til familien i to år før mora tok saka i eigne hender.

– Det syntest eg var ganske frigjerande, for eg hugsar at eg hadde tenkt masse på korleis eg skulle gjera det, og eg fann aldri eit passande tidspunkt. Det vart alltid kleint og rart, så eg trekte meg heile tida.

– Så eg trur mamma hadde ensa at det var noko eg hadde lyst til å seie, som eg ikkje turte å seie. Det var eigentleg berre ei kjempestor lette.

Men å komma ut til kompisane sine, var mykje vanskelegare.

– Dei kom eg ikkje ut til før eg var 18, så eg var eigentleg småfeig. Det trur eg var fordi eg heile tida prøvde å overtyda meg sjølv om at eg eigentleg ikkje var homo. Eg var liksom ikkje klar for å vera det før eg var 18. Det var då eg slo opp med min siste kvinnelege kjærast.

Skam spela ei stor rolle i seksualiteten til Niklas gjennom ungdomsåra.

– Eg skjønte at eg var interessert i snurrebass då eg gjekk i sjuande klasse, trur eg. Men eg tenkte ikkje så mykje på legning før på ungdomsskulen, då folk kasta «homse» rundt som eit skjellsord, og eg kjente skam rundt det. Det var fyrst då eg innsåg at «faen, eg er jo homo, eg. Dei greiene som alle hatar, det er det eg er».

Vart mobba for legningen sin

Benjamin var 12 år gammal då han kom ut til vennane sine.

– Etter å ha tenkt mykje på det, hadde eg lett for å akseptera det. Eg trur andre ungdommar og barn hadde det vanskelegare med å forholda seg til det, enn det eg hadde.

I ettertid har han angra på at han kom ut av skapet i så ung alder. For sjølv om vennegjengen til Benjamin var støttande og aksepterande, betydde det ikkje at alle andre var det. Ryktet om at Benjamin var ute av skapet, spreidde seg fort.

– Barn i åttande klasse var ikkje så fete. Ein var ikkje så greie med kvarandre, så eg var kanskje litt for tidleg ute for mitt eige beste, sånn sett. For det vart jo mykje mobbing og skjellsord, og det er ganske hardt når ein er tolv år at nokon mobbar identiteten din og den du er.

Trass mobbinga syntest Benjamin at det var frigjerande å komma ut.

– Eg trur at alle som har vore i skapet, har kjent på den følelsen av å vera ekstremt aleine oppi det, for ein veit ikkje at alle andre skeive har vore i den same situasjonen. Det er ganske vondt og vanskeleg å bera på.

Måtte finna ein ny form og tone på vennskapet

Niklas syntest det var frigjerande å komma ut til familien, men å komma ut til kompisane var for det meste berre stressande.

– Etter å ha komme ut av skapet, opplevde eg at eg måtte bli kjent med vennane mine på nytt. Korleis skal homofile Niklas vera venn med gutane, liksom? Brått vart alle samtalene om ligging og damer litt rart. Me måtte finna ein ny form og tone på vennskapet vårt, som er absurd og rart å vera med på.

Han fortel at det tok opptil to år før sjargongen og tonen i gjengen var tilbake til normalen.

EIN OVERGANG: Niklas Baarli fortel at det var ein stor forskjell å komma ut til familien, i forhold til å komma ut til kompisane. Foto: Marit Eide

– Det var heilt jævlig kleint kvar gong nokon hadde hatt sex med nokon – og i alle fall dersom det var eg, fortel Niklas og ler.

– Kor håper de at skapet står om 20 år?

– Om 20 år håper eg at den unge mannen eller jenta som er skeiv, har ein heilt naturleg plass frå starten av livet, der ein ikkje treng å skjera ut i ei stor markering, eller at ein treng å seia det til nokon – det er berre heilt naturleg. Du berre er. Ein dag har du med deg kjærasten heim, han heiter Ola. Neste dag er det Siri. Det er ikkje nokon forskjell, fortel Niklas og smiler breitt.

– Eg håpar at det er enklare å ta ein naturleg prat om det, så den dagen nokon skal komma ut av skapet, blir det ingen overraskingar. At ein har normaliseringsprat gjennom heile oppveksten som gjer at det ikkje er ein big deal. Null skam, seier Benjamin kontant.