Noreg rundt med Verdens Rikeste Land

Niklas og Tuva følgjer stortingsvalet frå distriktet. Kanskje dei kjem innom byen din?

I haust er det stortingsval, noko som betyr at me skal bestemme kven som skal styre landet dei neste fire åra. I den samband skal Verdens Rikeste Land ut og sjekke tempen i det ganske land. Og er det nokon som er klare for det, så er det programleiarane Niklas Baarli og Tuva Fellman:

– Det blir mange spennande saker frå heile landet! Me skal jo tross alt møte folk frå alle kantar av Noreg, seier Niklas, før Tuva legg til:

– Eg gleder meg sånn til å møte folk i eller utanfor valgmodus! Og til å lage radio frå kaia, butikken, byggeplassen, osv. ?

Men å pakke er ikkje så veldig enkelt:
https://www.youtube.com/watch?v=b9xBXaoht5c

LES MEIR OM STORTINGSVALET 2017 HER.

Kropp, politikk og unge historiar

På veg gjennom Noreg ynskjer Tuva og Niklas å formidle unge historiar.

– Kanskje historiar me ikkje høyrer så ofte? Noko sjokkerande, rørande, eller berre beint fra koseleg? Me får sjå, seier Niklas.

Tuva har eit håp om å klare å formidle korleis ting eigentleg fungerar, og korleis politikk påverkar kvar enkelte person.

– Eg meiner at politikk er noko for alle, ein må berre få det servert på sin måte, seier ho.

I tillegg til å reise frå nord til sør, skal Tuva og Niklas ha ein liten, intern konkurranse langs vegen. Kort fortalt vil dei konkurrere i å vere best i ulike yrke. Om det blir rørleggar, fiskar eller lærar dei skal prøve seg som er førebels usikkert, men dei har klåre tankar om kva som vil vere mest utfordrande.

– Det verste må vere noko med kropp… ? Eg hatar kropp til folk eg ikkje er enten seksuelt tent på, eller kjenner. Ukjent kropp er guffent, seier Niklas.

– Det verste eg kan ende opp med er eit yrke eg trur eg er best i, men så plutseleg viser det seg at Niklas er betre, seier Tuva.

I løpet av turneen skal VRL besøke ein gard, men nøyaktig kva for ein er ikkje bestemt enno. Derfor treng me di hjelp! Veit du om ein gard mellom Kristiansand og Stavanger som fortenar eit besøk? Send oss gjerne eit tips på rikeste@nrk.no eller del ditt tips i kommentarfeltet nedst på denne sida.

Dette er stadene VRL skal innom:

21. august: Tromsø

22. august: Setermoen/Bardufoss

23. august: Narvik

24. august: Lødingen

28. august: Åsen

29. august: Lørenskog

30. august: Oslo, Ikea Furuseth

31. august: Bastøy

4. september: Kristiansand

5. september: TBA

6. september: Stavanger

7. september: Bergen