NRK sender CS:Go-finale frå Odense

– Riktig og viktig å vise fram skytespelfenomenet som når millionar av unge verda over, seier NRK sin sportsredaktør.

  • NRK følgjer finalen i ESL-league CS:Go.
  • Finalen går frå Odense i Danmark 6-10 desember.
  • Aktuelle deltakarar: Håvard “Rain” Nygård på laget Faze Clan.

Når sundagens finale i ESL Pro League for Counter-Strike (CS) finn stad i Odense på sundag, har ein nordmann moglegheita til å gå heilt til topps i skytespel-konkurransen.

NRK sender finalen direkte på P3.no og NRK.no frå 15:30. På P3.no blir det ei eiga sending med Jonas og Henrik frå FlippKlipp Studio, medan Andreas Hagen er programleiar for NRK.no-sendinga. Med seg på laget har han Simen “Warclown” Henriksen som kommentator og Halvor “Vendetta” Gulestøl som ekspertkommentator. I tillegg kjem Stian Sandø, kjent frå Newton, på besøk.

– Det er første gong sportsavdelinga i NRK dekker e-sport. Og med tanke på kor stort dette er andre stader i verda, er me overbeviste om at det har potensiale til å nå mange, seier programleiar Andreas Hagen.

Større enn Netflix

Medan Håvard “Rain” Nygaard (22) representerar det internasjonale laget Faze Clan, stiller Ruben “Rubino” Villaroel for det danske laget Astralis. Det sistnevnte laget er ute av konkurransen, men Faze Clan har framleis ein sjanse til å nå finalen på sundag. Programleiaren syns det er kult å tenkje på at ein nordmann potensielt kan gå heilt til topps i konkurransen.

– Det blir utruleg spennande! Me har også eit håp om at dette kan vekke interesse hos folk som ikkje er interesserte i gaming frå før, seier han.

På P3.no kan du følge Henrik og Jonas frå Flipp Klipp og Marte frå Filmpolitiet, direkte frå Odense.

LES OGSÅ: Penger på spill

På verdsbasis har e-sport over 100 millionar sjåarar i månaden, noko som betyr at det er større enn Netflix. Når det er sagt har spelet fått kritikk for å vere valdeleg. Redaktør i sporten, Egil Sundvor, forklarar kvifor NRK veljer å vise

– Counter Strike er eit skytespel, men det er også eit strategisk og taktisk spel. Det ser valdeleg ut, men det er eit spel som samlar millionar på millionar av unge verda over. Me meiner det er både riktig og viktig å vise fram fenomenet.

I Sør-Korea er e-sport like stort som langrenn er her i Noreg. Der kan ein til og med studere e-sport på universitetsnivå. Me er eit stykke unna her til lands, men sportsredaktøren håper det med tida vil endre seg:

– Me får håpe at dette bidrar til å skape ei større forståing av den prestasjonen det faktisk er å vere i verdstoppen i CS, seier Sundvor.

Håvard “Rain” Nygård frå laget Faze er aktuell for sundagens finale i Danmark. (Foto: Ola Solheim)