nrk.no

Ole Henry viste rumpa til politiet. Det redda han frå å bli blind

Hadde du høyrt denne historia på ei standup-scene, ville du trudd det var kødd.

Ole Henry Snildalsli (25) har drive mykje med humor gjennom oppveksten. Og det var kanskje det som sette han i ein litt uheldig situasjon for nokre år sidan.

For dei spesielt interesserte var Ole Henry kjent frå stordomsperioden til TikTok-forløparen Vine. Men dei som har oppdaga han i nyare tid, såg han truleg først ikledd alligator-boots på «Ikke lov å le på hytta» i 2023.

No kan du sjå Ole Henry som deltakar i «Påskekrimlekene» på NRK.

Sjølv om han har hatt ein draum om å drive med humor på fulltid, hadde faktisk Ole Henry ein litt annan plan etter vidaregåande.

BILLEG CAMPING: Ole Henry var reporter for «P3sommer» i 2022.

I 2017 hadde han nemleg vore på sesjon for å komme inn i Luftforsvaret, og gjort det ganske bra. Og frå januar året etter venta militærteneste.

– Eg såg fram til eit år i Forsvaret, seier Ole Henry til P3.no.

På dette tidspunktet var han 19 år og budde heime hos foreldra sine i Trondheim.

Ein kveld hadde Ole Henry gått «frå bar til bar» saman med kompisane sine. I sentrum var det mykje folk, og dei stilte seg bakarst i køen for å komme inn på ein av utestadane der. Men då han innsåg kor lang køen var, bestemte Ole Henry seg for å stikke heim i staden.

Men eit så fornuftig val som å gå heim frå byen tidleg gjorde at han kompenserte med eit litt mindre fornuftig val i tillegg.

«Eg veit ikkje kvar Midtbyen sluttar!»

– Eg viste rumpa til ein kompis i køen. Kjapt rumpa, litt skinke. Så vinka eg og sa «ha det».

Plutseleg kjente Ole Henry ei hand på skuldra.

Det han ikkje hadde sett, var at bak kompisen stod politiet. Og ikkje berre éin, men tre betjentar hadde sett 19-åringen som drog ned buksa.

Sjølv om Ole Henry prøvde å bortforklare det, fekk han beskjed om at han hadde ti minutt på å komme seg ut av Midtbyen. Han fekk ikkje opphalde seg i sentrum på 24 timar.

«Eg veit ikkje kvar Midtbyen sluttar!» tenkte han, medan han sprang og sprang og sprang.

Ole Henry står ute med ei raud jakke. Hann smiler mot kamera. Han har lysebrunt hår klipt som ein bolleklipp. Bak han er det eit kvitt fjellandskap med nokre tre, og det er fint vêr.
KUNNE BLITT BLIND: Kva har blotting med synet å gjere? Foto: Per Christian Lind, NRK

Dagen etter vakna Ole Henry opp med kraftig fylleangst.

– Eg var veldig redd for å få bot.

Men det skulle bli enda verre enn «berre» ei bot. Nokre dagar seinare fekk Ole Henry eit brev frå politiet med beskjeden:

«To års prøvetid for blotting utan samtykke.»

«I’m on probation!»

Men Ole Henry syntest dette var litt kult og viste det fram for kompisane sine.

– På engelsk, når ein rappar, så seier ein sånn: «I’m on probation!» Fett å få to års prøvetid.

Dette brevet blei hengt opp som pynt i russecampingvogna hans, og livet gjekk vidare.

Men ein dag fekk han eit brev frå Forsvaret. Sidan han budde heime hos foreldra sine, var det flaks at faren gav han brevet utan å opne det.

For i brevet stod det: «Du er ikkje ønskt i militæret grunna merknad frå politiet.»

Dette tok Ole Henry tungt. «Var det verkeleg så ille det eg gjorde?»

Han hadde sett skikkeleg fram til året i Luftforsvaret.

Blotting går under punktet seksuallovbrot. Det er eit av punkta ein kan diskvalifiserast frå militærtenesta for.

Ei kvit løgn

No hadde Ole Henry to val: Han kunne kjempe eller la det ligge.

Det var nemleg mogleg å ta saka opp i tingretten, så året i Luftforsvaret var ikkje heilt tapt enda.

Ole Henry ligg i snøen i ein nedoverbakke, vendt ned mot bakken oppå eit par ski. Han har eit uttrykk i ansiktet som tilseier at han har falle. Ein annan person står bøyd over han. Begge har hjelm på hovudet. Ole henry har ein oransje genser, og den andre personen har svarte uteklede og ein kvit genser knytt rundt livet.
«PÅSKEKRIMLEKENE»: Håper at han ikkje tryna på veg heim frå byen, slik som har gjorde her. Foto: Per Christian Lind, NRK

Men Ole Henry er ein konfliktsky person.

Han torde verken å ta det opp i tingretten eller å seie kva som hadde skjedd til foreldra sine. Så då faren hans etter kvart spurde kva brevet frå Forsvaret var, dikta han opp ei unnskyldning.

«Eg kom ikkje inn på grunn av synet,» fortalde han.

Faren til Ole Henry er nesten heilt døv og blei kjempestressa av denne vesle, kvite løgna. Å ta vare på sansane er viktig, så han måtte jo sjekke auga sine!

«Du må bestille synsundersøking med éin gong,» sa han til sonen sin.

Ole Henry, som måtte spele med på si eiga løgn, bestilte synsundersøking og var på plass hos augelegen berre få dagar etter.

Ole Henry står utandørs og ser rett inn i kamera. Han har bollesveis og ei kvit og raud skjorte. Håret hans er lysebrunt, og han har blå jeans. Han ser seriøs ut. Bak han er det grønne tre.
KONFLIKTSKY: Det glapp ei kvit løgn ut av Ole Henry. Her under innspeling av «Ikke lov å le på hytta». Foto: Kristoffer Kumar, VGTV

Der skanna dei auga hans og tok ulike testar. Men i løpet av undersøkinga fekk augelegen brått eit alvorleg blikk:

«Du har keratoconus på begge auga.»

– Det er noko som veks på innsida av hornhinnene. Det veks utover, og til slutt kan hornhinna ryke, forklarar Ole Henry.

Han måtte operere begge auga, slik at det slutta å vekse. (Du kan søke opp bilde av augesjukdomen på eige ansvar.)

– Viss eg ikkje hadde vist rumpa til politiet den gongen, hadde eg vore blind i dag, fortel han.

Så sjølv om Ole Henry mista plassen sin i militæret, ville han valt synet over Luftforsvaret igjen. Men han skulle lenge få kjenne på ringverknadane av feilen han gjorde den eine kvelden på byen.

Var redd for å søke jobb

Ole Henry såg ikkje føre seg ein militærkarriere som soldat. Likevel var det eit tap for han å ikkje få oppleve det eine året i Forsvaret, slik mange av vennane hans hadde fått.

INGEN SOLDAT: Ole Henry bidrog med trekkspel og god stemning då «P3morgen» (med Tete Lidbom i spissen) arrangerte sin tredje «Trønderdagen». Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Men det var ikkje berre militæret han gjekk glipp av på grunn av denne situasjonen. Ole Henry var i lang tid redd for at blottinga kom til å stå på politiattesten.

– Eg torde ikkje søke jobb etterpå.

Han søkte blant anna ikkje i barnehagen han ville jobbe i. Og fleire år etter, då han skulle søke ein jobb i studiebyen, var han framleis nervøs.

«Åh herlegheit, tenk viss det framleis står på rullebladet!»

Heldigvis blei blottinga tatt bort etter to år. Og det gjorde at Ole Henry fekk moglegheit til å fokusere på heilt andre ting. Problemet er at dette truleg vil heimsøke han igjen etter at alle får vite det no.

I 2023 vann Ole Henry humorkonkurransen «Folkets deltakar» på VGTV. Det er grunnen til at han fekk vere med i «Ikke lov å le på hytta». Kanskje var det takk vere humortreninga frå Vine?

Ole Henry står utandørs i mørket med lys retta mot seg. Han har ulike ledningar teipa på seg, og det står folk og ser mot han med ryggen til kamera. Han har bar overkropp, bukser med slangeskinnmønster, parykk og langt skjegg festa til haka.
«IKKE LOV Å LE PÅ HYTTA»: Han berga synet, men motesansen forsvann visst! Foto: Kristoffer Kumar, VGTV

No er han i alle fall klar til å ta fatt på karrieren sin for fullt. Ganske nyleg hadde han sitt første soloshow i Oslo, og i påska er han aktuell med «Påskekrimlekene» på NRK, som har premiere 23. mars.

– Det er jo det første programmet etter «Ikke lov å le på hytta», så det var kjempestas då eg fekk tilbodet om å vere med.

Og Ole Henry ser ikkje føre seg å slutte med underhaldning med det første.

– Det er jo draumen. Akkurat no er eg i ein draum som går i oppfylling.

Ole Henry har på seg ei raud jakke og ridderhjelm. Han står sidelangs frå kamera og smiler bredt med den eine arma løfa opp framfor ansiktet. Bak han står det andre folk og pratar energisk saman i ulike kostymer. Blant anna Kåre Magnus Berg.
KUL I RUSTNING: Veit ikkje om dette er tatt før eller etter dei slost, men Ole Henry ser i alle fall glad ut. Foto: Per Christian Lind, NRK

Så sjølv om det ikkje blei noka militærteneste i Luftforsvaret på Ole Henry, får han i alle fall moglegheit til å sitte framfor TV-en i påska og sjå på seg sjølv med velfungerande auge.

Takk vere litt blotting på byen.

MEIR SOM DETTE:

Siste fra P3.no: