Kasabians Tom Meighan er ikkje fan av boyband-musikk. One Direction fekk verkeleg gjennomgå då han fekk snakke fritt frå den raude lauparen.
Berre eit produkt
Kasabian hadde ein bra kveld og stakk av med fleire prisar under årets prisutdeliga. Det stoppa ikkje vokalisten frå å lange ut mot hjarteknusarane i One Direction. Eit band som tydelegvis representerar det Meighan ikkje tåler i musikkbransjen.
– One Direction er jævla millionærar, men dei er berre fem null som har vunne i lotto. Dei er kjempestore, men berre eit produkt. Det er ikkje vi, seier Meighan til The Sun.
– Dei er som sjampo. Du kjøper det for å vaske håret, så berre skyller du det ut når du er ferdig.
(Artikkelen held fram under biletet)
Meighan er sikker på at boybandet ikkje kjem til å vare lenge, og at dei snart kjem til å gå i den klassiske bandfella:
– Dei kjem til å krangle, bli uvenar og ta alt for mykje dop. Så kjem dei til å bryte opp frå kvarandre.
Oversett av Brit Awards
Sjølv om Kasabian vant både «Best British Band» og «Best Album» under NME Awards blir dei fullstendig oversett av Brit Awards.
Kasabian er ikkje nominert til nokon av prisane som skal delast ut den 25. februar. One Direction har derimot sikra seg fleire nominasjonar.
– Eg bryr meg ikkje om prisar. Eg starta eit band for å lage musikk og få eit publikum. Det er alt som betyr noko, fortel Meighan.