På festival til evig tid

– Eg sat aleine på toget i Frankrike å hylte!

Maria vann Hove-pass

– Eg sat aleine på toget i Frankrike å hylte!

Marie Skjelbred (21) frå Bodø er den heldige vinnar av livstidspass til Hovefestivalen, men sat på eit tog i Frankrike då ho fekk vite at passet var i boks.

– Eg hadde ingen å fortelje det til, eg sat på toget i Frankrike og alle rundt meg kvakk til når eg hylte og skreik av glede. Til slutt mått eg gå på do, folk trudde jo det var noko alvorlig galt seier ho.

Marie snakkar med P3nett medan ho tuslar rundt i ein liten by i vest-Frankrike. I går var ho på Hove. Om ei veke flyttar ho til Kina. Mykje har skjedd på kort tid.

– No har eg starta min eigen blogg, seier ho. Å blogge for P3 har definitiv gitt meirsmak. Det er takka vere søstrene mine, Margrethe og Mathilde, at eg vann. Dei kunne ikkje vere med, difor tok eg med kusina mi Benedicte og saman blogga vi for P3.

-Det er tydeleg at dette er ein verdig vinnar av livstidpasset seier prosjektleiar i P3 Sindre Østgård. Marie har allereie lovd å blogge for oss på Hovefestivalen neste år.

Blikk for god stemning

Ein ting som gjorde at juryen fall for Marie sine bloggebilder var at ho fekk fram stemninga. Til det seier ho at ho bloggar det ho ser rundt seg.

– Også avslutta vi kvar einaste lille bildekommentar med «holla hove». Det gav oss eit personleg uttrykk.

På spørsmålet om ho ikkje kjem til å bli lei av å dra på Hovefestivalen til evig tid seier 21-åringen:

– Nei aldri. Det gjer eg med glede. P3 har gitt meg ei stor opplevelse. Eg kom i kontakt med folk som eg aldri hadde turt å snakke med med mindre eg sa eg skulle blogge. Det er heilt fantastisk.

ok, Marie! Grattis og holla hove!

Her er ein liten kollage av Maries vinnarblogg:

vinnar miks

Sjekk ut P3s festivalmobilblogg.

Dette var konkurransen:

I vekene før Hovefestivalen hadde P3 ein videokonkurranse der folk kunne laste opp ein video med ein hyllest til sin favorittartist på Hovefestivalen.

Dei beste videoane fekk pass til årets festival, men måtte til gjengjeld blogge sin festivalopplevelse på P3 sine nettsider. Den beste bloggen vinner livstidspass til Hove.

Juryen var Mona B. Riise frå Lydverket og Gaute Drevdal frå Hovefestialen. Oslolos Kjell Aronsen kom for å overrekke passet.