«Kaja» hamna på Pornhub utan samtykke: – Ein mister ein del av sjela si

Videoane du ser på Pornhub kan vere filma utan samtykke. No ønsker fleire at sida skal stengast ned.

Ein sein kveld tikka det inn ei melding til «Kaja» på Facebook. Uvitande om at dette var starten på eit mareritt, opna ho meldinga:

«Video av deg på Xhamster»

Meldinga var send frå ein falsk Facebook-profil. «Kaja» følgde lenka. Lenka førte til ein video, ein video av ho sjølv som har sex.

– Eg fekk panikk. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere eller korleis eg skulle fjerne videoen, fortel «Kaja».

Videoen var merkt med hennar fulle namn og heimby. Som eld i tørt gras spreidde den seg til andre pornonettsider, deriblant Pornhub. «Kaja» fann etter kvart ut at det var to til tre sexvideoar av ho i omløp.

– Det var ekskjærasten min som la dei ut. Eg var ikkje klar over at han hadde filma oss under sex. Det er umogleg å tenke seg at ein kan oppleve noko sånt, seier ho.

– Ein sorgprosess

«Kaja» er ikkje hennar ekte namn, men P3 kjenner til identiteten hennar. Ho er i 20-åra og kjem frå Trondheim. For nokre år sidan budde ho i utlandet. Der blei ho saman med ein mann ho trudde var kjærleg og god. Det skulle vise seg at han var alt anna enn kjærleg og hjartevarm.

Eitt år inn i forholdet fann «Kaja» ut at han hadde vore utru. Samtidig begynte han å bli eigarsjuk og valdeleg ovarfor «Kaja». Ho valde å slå opp, men han fortsette å true ho med at han skulle øydelegge livet hennar.

Det heile toppa seg då han publiserte sexvideoane av «Kaja», opptak ho aldri hadde samtykt til. «Kaja» trudde han aldri kunne gjere noko så vondskapsfullt.

– Ein mister ein del av sjela si. Det går liksom ikkje an å beskrive. Eg går gjennom ein sorgprosess for at eg har mista ein del av meg sjølv som eg ikkje kan få tilbake, fortel «Kaja».

Sexvideoane av ho blei etter kvart fjerna frå Pornhub og andre pornonettsider. Det gjekk likevel ikkje lang tid før videoane av ho på nytt var publiserte på Pornhub. «Kaja» lever framleis i eit mareritt. Det er to og eit halvt år sidan natta då den første meldinga kom, men traumet blir reaktivert kvar gong videoane blir publiserte på nytt.

UBEHAGELEG: «Kaja» synst det er ubehageleg at Pornhub tener pengar på kroppen hennar.

Ho får nemleg framleis meldingar i dag frå både kjenningar og framande om at sexvideoar av ho er publiserte. Då P3 snakkar med ho er det berre eit par veker sidan sist ho fekk ei slik melding.

– Dagane etter eg fekk første melding, isolerte eg meg. Eg gjekk på jobb og drog raskt heim for å stenge meg inne. Når videoane dukkar opp igjen på nytt, blir eg påverka i nokre dagar før eg klarer å gå vidare, seier «Kaja».

Den første videoen som blei publisert på Pornhub og andre erotiske sider, fekk fleire tusen visningar før videoen blei fjerna etter tre dagar.

– Kor mange visningar ein film har fått, står på videoen, så ein får det rett i trynet. Etter første video har eg ikkje orka å sjekke kor mange visningar dei andre opplastingane har fått, fortel «Kaja».

«Kaja» synest det er ubehageleg at Pornhub tener pengar på kroppen hennar. Ho har fleire gongar sendt melding til Pornhub der ho forklarer at desse videoane av henne ikkje må bli publiserte på nytt.

– Dei dukkar alltid opp igjen. Det er nesten ingen respons frå Pornhub. Dei har sagt at dei skal fjerne videoane om dei dukkar opp, men filmane av meg blir alltid publiserte på nytt, fortel ho.

Trondheimsjenta har vanskelegheit for å beskrive situasjonen ho er, men er klar på at det er ein vond tilstand å vere i. Etter å ha levd i eit mareritt i fleire år, der ho veit at tusenvis av menneske har sett sexvideoane av ho, har ho eit klart bodskap til både Pornhub og nettsidas brukarar.

– Eg meiner privatpersonar ikkje burde kunne legge ut noko på Pornhub i det heile tatt. Det er ein enkel måte for dei å tene pengar på. Sjølv om det fristar å sjå ein amatørvideo, så er det svært sannsynleg at det berre er éin part som er med på det. Ein bør tenke etisk. Mange tenker at det ikkje skader å sjå på amatørporno fordi dei ikkje kjenner personen, meiner «Kaja».

ISOLASJON: «Kaja» isolerte seg då sexvideoane blei spreidde første gong. Ho blir framleis påverka når sexfilmane dukkar opp igjen.

Overgrep på Pornhub

Sjølv om sexen er samtykkande og ikkje er eit overgrep i seg sjølv, blir hevnporno ofte omtalt som eit digitalt overgrep. «Kaja» er ikkje den einaste som har opplevd å få grensene sine krenkte på pornonettsider.

Det siste året har Pornhub blitt skulda for å spreie overgrepsmateriale. BBC skreiv tidlegare i år om Rose Kalemba, som i 2009 blei kidnappa og valdteken i Ohio. Valdtekta av Kalemba, som då var 14 år, blei filma og publisert på Pornhub. I Florida skal ei 15 år gamal jente, som hadde vore sakna i eitt år, blitt funnen i live i fjor fordi det blei oppdaga seksualiserte videoar av ho på Pornhub.

Pornoskodespelar og pornoprodusent Anne Sofie Sverdrup synest det er skremmande at overgrepsmateriale og hevnporno har hamna på verdas største pornonettside.

– Porno utan samtykke er ikkje porno. Dei som fasiliterer for at dette finst, må ansvarleggjerast, seier Sverdrup.

Sverdrup driv produksjonsselskapet Bedside Production og lagar det ein kallar for etisk porno. Etisk porno handlar om at dei medverkande er blitt skikkeleg lønte, grensene til skodespelarane blir respekterte og mottakaren presentert for fleire former for kroppar som ein vanlegvis ikkje ser i «mainstreamporno».

Ifølge BBC hevdar Not Your Porn at 30 britiske kvinner det siste halvåret har tatt kontakt med organisasjonen. Not Your Porn er ein organisasjon som jobber for at pornoindustrien skal ta ansvar for spredning av hevnporno. Årsaka til at kvinnene tok kontakt med organisasjonen er at dei har opplevd at seksuelle videoar av dei har blitt lasta opp på Pornhub utan deira samtykke.

Sverdrup meiner at både produsentar og distributørar bør sikre seg at pornoen har blitt til på ein skikkeleg måte.

– Eg meiner at alle som arbeider med pornografisk materiale, må ta ansvar for at det som blir produsert og delt er laga av vaksne, samtykkande menneske, fortel Sverdrup.

SAMTYKKE: Pornoskodespelar Anne Sofie Sverdrup er tydeleg på at porno utan samtykke ikkje er porno. Foto: Tom Øverlie, NRK P3.

Skamfullt tema fører til unnasluntring

Ein del av kritikken har vore retta mot at det er for enkelt å laste opp videoar på Pornhub. For å registrere seg treng ein berre ei e-postadresse for å registrere seg. Deretter sender ein inn eit bilete av seg sjølv der ein held opp ein papirlapp med brukarnamn for å bli verifisert.

Sverdrup seier ho ikkje kjenner til korleis Pornhub gjennomfører verifisering.

– Viss dette er sant, er eg veldig overraska over at dei ikkje har eit system for å verifisere dei som er med i filmane. Som verdas største plattform for distribusjon av pornografi er det tvilsamt at dei ikkje har rutinar på dette, seier pornoprodusenten.

Sverdrup fortel vidare at alle som er inkludert i produksjon og distribusjon av porno, burde verifiserast, både dei som er bak og framfor kamera.

– Det synest eg burde gjelde for alle. Også Pornhub. Alle som har noko med porno å gjere, bør sørge for at dei berre deler porno med samtykke. Men så blir spørsmålet korleis ein skal gjere det, utdjupar Sverdrup.

Ho påpeiker at det framleis er skamfullt å snakke om pornoforbruk. Det er enklare for aktørar i bransjen å sluntre unna med det etiske når porno er skambelagt, meiner Sverdrup.

– Det er viktig at ein som forbrukar tek seg sjølv seriøst og stiller krav til pornoindustrien. Vi må ha bevisste forbrukarar på same nivå som ein har fornuftige forbrukarar av mat og straum, meiner Sverdrup.

– Massiv sexkriminalitet

INFISERT: Laila Mickelwait meiner Pornhub er infistert som viser ekte overgrep og valdtekter.

På bakgrunn av alle historiene om overgrepsmateriale og hevnporno som har hamna på Pornhub, er det starta ein underskriftskampanje der målet er å stenge ned Pornhub. Underskriftskampanjen er starta av den amerikanske organisasjonen Exodus Cry. Laila Mickelwait, som leier Exodus Cry sitt arbeid mot menneskehandel, meiner Pornhub profitterer på utnytting av mennesker.

– Pornhub er involvert i ein massiv sexkriminalitet. Med 42 milliardar visningar per år og over seks millionar opplastingar kvart år, er det antakeleg den største sexskandalen verda nokon gong har sett. Nettsida må stengast og eigarane må haldast ansvarleg for den massive utnyttinga dei profitterer på, skriv Mickelwait i ein e-post til P3.

Pornhub er eigd av teknologiselskapet Mindgeek. Selskapet eig også andre kjende erotiske nettsider som til dømes RedTube og YouPorn. Mickelwait meiner alle burde vite at verdas mest populære pornonettside har materiale som inneheld seksuell utnytting. Med over éin million underskrifter har kampanjen fått stor merksemd verda over.

– Folk er sjokkert, viser avsky og er skremt. Mange er motiverte til å ta grep, skriv Mickelwait.

– Toppen av isfjellet

Dagleg leiar Ragnhild Torstensen i Lightup Norge meiner det ikkje burde vere mogleg å publisere og dele overgrep, valdtekt og hevnporno på Pornhub.

– Dei er medskyldige i å spreie slikt materiale. Det er problematisk at dei får halde på, fortel Torstensen.

PORNHUB-BRUK: Ragnhild Torstensen, dagleg leiar for Ligtthup Norge, håper nordmenn reflekterer kritisk over eigen Pornhub-bruk. Foto: Privat

Ungdomsorganisasjonen Lightup Noreg jobbar for å førebyggje menneskehandel og har slutta seg til oppropet. Trass i at mange av historiene som har kome fram den siste tida er oppskakande, er Torstensen glad for at dei har blitt avdekte.

– Eg er glad fordi ein då har konkrete døme på at dette skjer. Vi trur det berre er toppen av isfjellet, seier ho.

I fjor blei det lasta opp over 6,83 millionar nye videoar på Pornhub. Viss du hadde samla opp alle videoane frå 2019 og begynt å sjå på dei i 1850, ville du framleis ha sett på dei i dag. Dette skriv Pornhub sjølv på sine eigne sider. Det er enorme mengder av materiale som blir lasta opp, og «amatør» var ordet forbrukarane søkte mest på i fjor, ifølge Pornhub.

Torstensen er ikkje overraska over at også hevnporno blir publisert på Pornhub og meiner det er alvorleg.

– Det blir publisert utan nokon sitt samtykke. Viss det blir fjerna kan likevel nokon ha lasta det ned og publisere det på nytt. Det kan vere re-traumatiserande å sjå at hevnpornoen dukkar opp igjen på Pornhub, seier Torstensen.

Ifølge Pornhub rangerer Noreg på 26. plass i verda når det kjem til bruk av Pornhub. Dei mest sette kategoriane i Noreg er «lesbian», «MILF» og «teen».

– Det handlar ikkje lenger om det er sunt eller usunt for enkeltpersonar å sjå på porno. Det handlar om kva for eit samfunn vi ønsker å ha. Vi nektar å leve i ei verd der det finst videoar tilgjengeleg på Pornhub som normaliserer vald og overgrep og som viser faktiske overgrep, fortel Torstensen.

P3 har kontakta Pornhub med spørsmål om både «Kaja» si historie og om skuldingane imot dei, men har ikkje lukkast med å få svar. Ein talsperson for Pornhub har likevel skrive i ein e-post til P3 at dei meiner underskriftskampanjen er kategorisk usann og med vilje villeiande. Dei har til BBC uttalt at dei meiner dei er raske med å fjerne ikkje-samtykkande materiale.

Det kostar med god porno

Pornoprodusent Sverdrup trur kampanjen kan legge press på produsentar og distributørar.

– Det kan gjere at produsentar og distributørar blir sitt eige ansvar bevisst, at ein faktisk tek samtykke på alvor, seier ho.

Ifølge Sverdrup kostar det å lage god, etisk porno. For å endre bransjen til det positive, der det ikkje blir delt overgrepsmateriale eller hevnporno, må forandringane initierast av både produsentar og forbrukarar, meiner Sverdrup.

– Då må forbrukarane vere villige til å betale for porno, slår Sverdrup fast.

KONTROLL: «Kaja» er glad for at nokon tek tak i problemet med Pornhub og håper det i framtida vil bli meir kontroll på kva som publisert.

Ønsker meir kontroll

«Kaja» støtter underskriftskampanjen og håper han vil skape konsekvensar for Pornhub.

– Eg synest det er bra at nokon tek tak i dette. Det er ingen kontroll på kva som blir lagt ut, seier ho.

Fordi «Kaja» melde ekskjærasten til politiet i det landet han bur i, er han no under etterforsking.

– Eg håper han blir arrestert og dømt. Eg håper også det blir meir kontroll på kva ein legg ut på pornosider, fortel ho.

Det som gjorde aller mest vondt, var at hennar eigne venner så videoen. Høyr Kaja fortelle meir om livet etter hevnpornoen i ein ny podkast.

Oppdatert onsdag 9. september: Vi har bytta ut namnet «Malin» med «Kaja» i denne saka, sidan samme kjelde er brukt i podkasten «Mellom oss», under namnet «Kaja». I episoden «Følelsen: Hevn» kan du høyre «Kaja» fortelje historia si. Korkje «Malin» eller «Kaja» er hennar verkelege namn.