P3 gir deg gratis førpremiere på "Den siste revejakta"

Alt du må gjere er å sende kodeord SNIK til 1987 og du kan sjå filmen gratis søndag 24. august i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø eller Kristiansand.

den-siste-revejakt

Filmpolitiet Birger Vestmo har allereie sett filmen og syns det er ein god norsk film du no har sjansen til å sjå gratis på P3s snikvisning den 24. august i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø eller Kristiansand.

Alt du må gjere er å sende sms med kodeord SNIK til 1987.

Meldinga du får tilbake, viser du i billettluka på kinoen i den byen du har lyst til å sjå «Den siste revejakta». Du får to billettar, så slepp du å gå aleine på kino.
(Det kostar 3,- per melding og antal billettar er begrensa)

Sjå «Den siste revejakta» trailer:

Kva handlar «Den siste revejakta» om?

Filmen er basert på Ingvar Ambjørnsen si bok med same namn, og er regissert av Ulik Imtiaz Rolfsen (Izzat, Varg Veum-Bitre Blomster).

Kristoffer Joner og Nicolai Cleve Broch spelar Carl og Robert, to typar som lever i harmoni med naturen og tenar pengar på å selje hash, eller – livsnødvendig påfyll til en lidende befolkning, som dei kallar det.

Men 80-talet nærmar seg og dei to hippieane får eit uhyggeleg møte med jappetidas individualisme og råskap. Det siste kuppet som skal skaffe dei nok pengar til å starte hippiekollektiv på landet endar i katastrofe og dei to viklar seg inn i ei uhyggeleg og dramatisk ferd gjennom Oslos undergrunn.

Send kodeord SNIK til 1987 og få gratis billettar til P3s snikvisning av «Den siste revejakta».

Den siste revejakta