P3 har dei beste lyttarane

Sjå innslaga som aldri hadde blitt til utan deg!

Foto: Kristian Rostad, Nrk P3
Foto: Kristian Rostad, Nrk P3

P3 har dei desidert beste lyttarane. Og vi elskar å gi tilbake. Her oppsummerer vi alt som har blitt til på grunn av våre kjære lyttar.

I Osenbandens dogmereportasje er det lyttarane som kjem med forslag til kva reporteren skal gjere neste dag. Are Sende Osen kunne ikkje stå imot forslaget: Kva er mjukast kujur eller damebryst, og sendte Matias i fjøsen:

Sjå alle dogmereportasjane her.

Silje Lian frå Namsos vann P3s Metallica-konkurranse og fekk møte bandet då dei var i København tidlegare i år. Det er alltid gøy og litt flaut å sjå hardbarka fans møte sine heltar. Silje er intet unntak:

 

Hundrevis av Radioresepsjonen-fans møtte opp på då trioen hadde direktesending under Hovefestivalen. Eit par av lyttarane avbraut i midlertid showet med eit aldri så lite nakenløp:

I desember tok Radioresepsjonen eit fellesbilde med fansen. Det var fritt fram for alle å vere med. Karoline Selliseth tok toget heilt frå Bergen til Oslo for å få vere med. Sjå minidokumentaren om den store fotodagen her:

I vår sendte P3 to busslastar med Kaizers Orchestra fans til København for å få oppleve P3sessions med bandet. Og Kaizers er ikkje i tvil, dei har Norges beste fans:

Sjå «Enden av november» LIVE i København under P3sessions:

Meir Kaizers? Sjekk ut alt dette i P3tv.

Lars på 11 år vann eit møte med Slayer i ein konkurranse på Tinitus. Men ventetida blei lang. Hadde gitarist Kerry King gløymt avtalen?

Søskenparet og mega-Megadeath-fans Ørjan og Yvonne Thomassen, fekk møte bandet i Oslo. -Det er som om eg har møtt Jesus, oppsummerer Ørjan:

«Vil du sjå kva eg kan, Håkan?» spurte Ingrid og fekk innpass på P3sessions der ho fekk stille det same spørsmålet til Håkan Hellström. Men kva er det ho kan?

Fansen elskar Håkan, men jammen elskar han ikkje deg tilbake også.

Masse Håkan Hellström-godis ser du i P3tv

Godt nyttår og bli med oss i 2009!

Les også: Musikkåret 2008 med P3