P3 reddar verda – litt

Denne veka set me i fokus på miljø i alle våre sendingar.

Bruk mindre tid i dusjen! Bruk mindre straum! Ta sykkelen i staden for bilen til jobb!

Me har høyrd det mange gongar før: små grep me kan gjere for å bli meir miljøvenlege.
Men kor enkelt er det å ta slike grep i sin eigen kvardag? I TV-serien «Live redder verden. Litt» som har premiere torsdag 25 august, prøver Live Nelvik akkurat dette – ho skal leve LITT meir berekraftig.

I samband med prosjektet til Live prøver derfor alle me i P3 å redde verda litt denne veka.

Nokon av oss droppar kjøtt, andre syklar når me vanlegvis ville køyrd bil, og både programleiarar og gjestar får i oppdrag å tenke gjennom korleis dei kan gjere små grep for å få planeten vår bittelitt sunnare. Dermed kan me love humor, konkurransar, tips og anna miljømoro på P3 dei neste dagane.

Men kvifor kan det vere så vanskeleg å for eksempel velje tog framfor fly? Me har prøvd å forklare i videoen under:

Korleis kan me snu dei små uvanane våre? Kva grep kan me ta for å leve bittelitt meir i pakt med moder jord?


Del dine tips under emneknaggen #redderverdenlitt.