P3 sender Urørt-vinnar til Island

– Jo lenger ein kjem seg vekk frå gutterommet, jo bedre er det, seier Iceland Airwaves-aktuelle Matias Tellez.

Matias Tellez på Hove
Matias Tellez på Hove

– Eg har drøymt om å få spele der i to år, seier årets Urørtvinnar Matias Tellez om spelejobben på Iceland Airwaves music festival.

– Eg prøvde å ringe og maile dei for eit par år sidan, men då var det ingen som høyrte på meg sidan eg berre var ein kid frå Bergen.

– Ved sidan av Eurosonic og South by South West er Iceland Airwaves ein av dei beste klubb-festivalane å spele på for nye artistar, seier P3s musikksjef Håkon Moslet.

Som Årets Urørt med låta «Brand New Kicks», kan Matias Tellez og band pakke instrument og joggesko, for P3 sender han til drømmefestivalen. 17. oktober får han sjansen til å vise kva han er god for på ein av europas viktigaste musikkbransjetreff i Reykjavík.

Vil så langt vekk som mulig

Festivalen på Island kan i år skilte med andre heite namn som Vampire Weekend, Biffy Clyro, CSS, Familjen og Ane Brun.

– Det er eit ypperlig utstillingsvindu, og det er veldig moro at årets Urørt-vinnar får spele der, seier Moslet.

For Matias Tellez blir dette hans aller første utanlandske festival og han håpar spelejobben på Island kan opne for andre utanlandsjobbar.

– Jo lenger ein kjem seg vekk frå gutterommet, jo bedre er det, seier han.

Hør og last ned gratis; Matias Tellez – Brand New Kicks