P3 Spanderer: Billie Van

Sjå «I Just Wanna Be Your Doll» framført ved bassengkanten saman med dei ferske produsentane Jonas Alaska og Mikhael Paskalev.

Billie Van har nettopp gitt ut singelen «I Just Wanna Be Your Doll». Låta har ho skrive sjølv, og jobba fram saman med produsentdebutantane Jonas Alaska og Michael Paskalev.

Lykkeleg forelska

Billie Van slapp singelen "I Just Wanna Be Your Doll" den 13. februar.
Billie Van slapp singelen «I Just Wanna Be Your Doll» den 13. februar i år.

– «I Just Wanna Be Your Doll» handlar om å vere 16 år og skikkeleg forelska i ein litt eldre gut – for så å få han til slutt. Det er ein skikkeleg gladsong, smiler Billie Van.

Det er ei søt låt som er full av sommarstemning, håp og glede. Ho trur ho må ha vore i eit veldig godt humør då ho skreiv songen:

– Eg hugsar ikkje heilt når eg skreiv den, men det høyrast ut som eg har vore skikkeleg glad og har høyrt mykje på Beyoncé, ler ho.

Billie Van skriv alltid songane sine aleine.

– Eg likar best å skape musikken min sjølv. Eg skriv tekstar og melodiar, og lagar ei slags form på songen. Først når dette er på plass tar eg kontakt med andre for å jobbe vidare med låta, fortel ho.

Det er nok ikkje vanskeleg å finne ut kven ein skal ta kontakt med når Jonas Alaska er kjærasten og Mikhael Paskalev er ein nær ven.

(Artikkelen held fram under biletet)

Billie Van, Jonas Alaska og Mikhael Paskalev (Foto: Gard Brox Jensen, NRK P3)
Billie Van, Jonas Alaska og Mikhael Paskalev spelar ved bassenget på Lysebu. (Foto: Gard Brox Jensen, NRK P3)

 – Eg elskar dei begge to!

Jonas Alaska og Mikhael Paskalev gjer begge sine debutar som produsentar med singelen «I Just Wanna Be Your Doll».

Billie Van har tidlegare vore korist for begge dei to suksessfulle norske musikerane. Under innspelinga av «I Just Wanna Be Your Doll» var det derimot dei som spelte og kora for ho.

– Eg elskar dei begge to! Det er skikkeleg fint å ha to karar som eg kjenner så godt i ryggen, seier Billie Van.

– Det har vore fantastisk å ha dei to som produsentar på låta. Dei veit akkurat kor mykje dei kan forvente av meg, og presse meg vidare. Vi er eit godt team, konkluderer ho.