P3-Tete har fasta i fleire år – men det er ikkje for å gå ned i vekt

– Ikkje alle burde følgje den dietten, seier ekspert.

Når nokon fortel at dei går på diett er det fort gjort å anta at dei ynskjer å gå enten opp eller ned i vekt.

Slik er det ikkje for P3-programleiar Tete Lidbom, som i fleire år har levt etter ein ganske streng og ekstrem diett.

– Det heile starta i 2018 med ein podkast der periodisk faste var tema, fortel programleiaren i Norske Tilstander på P3.

I podkasten snakka dei blant anna om korleis ein potensielt kunne få betre konsentrasjon av å følgje ein diett som går ut på å berre ete innanfor eit gitt tidsrom i løpet av dagen.

– Mange forbinder ein diett med å gå ned i vekt, men det treng jo absolutt ikkje eg.

Er det farleg å faste?

Etter å ha høyrd podkasten ville Tete teste om det faktisk kunne skjerpe konsentrasjonen hans.

– Dette skjedde nemleg i ein periode der me spelte inn éin podkast til dagen, noko som er veldig mykje. Eg måtte vere skjerpa og hugse mange fotballspelarar og sånt, fortel Tete, som også er programleiar i P3-podkasten Heia Fotball.

På ein vanleg dag startar Tete etinga for dagen like etter han er ferdig med sending klokka ett. Måltida for dagen blir som regel avslutta med middag i åttetida. Med andre ord begrensar han spisevinduet sitt til rundt åtte timar om dagen.

Forskar Karianne Svendsen ved Oslo universitetssykehus og avdeling for ernæring ved UiO fortel at det er lite sannsynleg at periodisk fasting er farleg, så lenge ein er frisk og rask. (FOTO: Carina VS Knudsen)

I fleire år har programleiaren levt etter den ekstreme dietten utan å rådføre seg med verken lege eller anna helsepersonell.

Det store spørsmålet no er: burde han slutte? Og er det farleg?

Tete har henta inn ein ekspert til Norske tilstander på P3 for å få svar:

– Så lenge ein er frisk og rask, er det lite sannsynleg at periodisk fasting er farleg, fortel forskar Karianne Svendsen ved Oslo universitetssykehus og avdeling for ernæring ved UiO.

Nokre gonger kan det faktisk vere positivt å kjenne litt på sultfølelsen, men periodisk fasting er ikkje for alle, fortel Svendsen.

– Dersom ein for eksempel er underernært eller gravid burde ein ikkje følgje den dietten.

– Og er ein usikker burde ein rådføre seg med lege, legg ho til.

Viktig å ikkje gløyme kva ein et

Sidan Tete byrja med periodisk fasting føler han sjølv at han har fått betre konsentrasjon og livskvalitet. Det er også grunnen til at han framleis sverger til den same dietten.

Ifølgje forskar Karianne Svendsen er det gjort fleire studiar som viser at det Tete føler kan stemme.

– Studiar som er gjort viser at ein faktisk kan få betre konsentrasjon, hukommelse, blodsukker, fettstoff, og bli meir uthalden av å faste. Problemet er berre at dei fleste studiane er gjort på mus. Og det er jo stor skilnad mellom eit menneske og ei mus, så det er ikkje direkte overførbart, fortel ho.

Men at mange får positiv effekt av å følgje ein slik diett er ho ikkje i tvil om.

– Men det er også viktig å hugse på at det i stor grad handlar om kva ein et. Ein kan ikkje følgje periodisk fasting og tenkje at ein kan ete nøyaktig kva ein vil i løpet av dei åtte timane. Då går vinninga opp i spinninga.